Demonstrerar: – Kommunen har halde oss for narr
Plus
Tre omfattande sakar vekker engasjement i Vindafjord tysdag.
ØLEN: – Kommunen har halde oss for narr. Dei har visst om omfanget av den planlagte biogassfabrikken i mange år. Me som bur i Ølen fekk først skikkeleg informasjon i mai i fjor då Statsforvaltaren valde å koma med motførstillingar, sa Tore Tverå då mange menneske stilte opp framfor rådhuset i Ølen klokka 07.30 i dag.
Ordførar Ole Johan Vierdal og andre formannskapsmedlemer fekk klare oppmodingar om å snu då dei møtte til formannskapsmøtet klokka åtte.
Ho klarte ikkje å halda seg, Connie Kvamen frå Økland ved Ølen då ho opplevde at Vindafjord formannskap med sju mot to røyster godkjende planen som opnar for at Haygaz kan byggja ein stor biogassfabrikk på Nerheim industriområde i Ølen.
– For ølensbuen er det berre to alternativ ved det komande kommunevalet: Frp eller Vindafjordlista, ropte ho ut etter avstemminga i formannskapet.
Trua med å rydda salen
Då hadde ordførar Ole Johan Vierdal alt trua med å rydda salen om det kom fleire tilrop frå tilhøyrarane.
Noko som ikkje blei gjort. Berre Frp og Vindafjordlista røysta imot i formannskapet. Men det er venta eit jamnare oppgjer når kommunestyret behandlar saka om få timar.
Connie er ei av mange som fyller kommunestyresalen og følgjer debatten spent.
Klokka ni skal kommunestyret samlast for å avgjera endeleg planen for biogassfabrikk på Nerheim i Ølen, plan for storutbygging på Dommersnes og folkeavrøysting om vindkraft i Vindafjord.
Resultatet klart
I 12-tida var utfallet klart.
16 mot 9 (Frp, to frå Høgre, Vindafjordlista og SV) stemte for å endra reguleringsplanen slik at Haygaz kan byggja biogassfabrikken på Nerheim i Ølen.
Me kjem tilbake med meir frå debatten og kommentarer. Fabrikken blir Norges største biogassanlegg basert på gjødsel frå landbruket og slakteriavfall.