Misvisande påstandar om motorvegprosjekta på E39
Plus
Fristen for å senda inn høyringssvar til Statens Vegvesen (SVV) sitt framlegg til kommunedelplan for E39 Bokn-Bømlafjorden gjekk ut før påske og mange ulike aktørar kjem på bana for å påverka det vidare arbeidet med prosjektet.
Fleire interesseorganisasjonar innan næringslivet er ute og erklærer at Statens vegvesens tre mest lønsame prosjekt i landet ligg på strekninga mellom Bergen og Stavanger (Smiene-Harestad, Bokn-Bømlafjorden og Hordfast). Det er ikkje dekning for dette i dei utgreiingane som er gjort i planarbeidet, tvert om. Dei som påstår dette vel å utelata dei svært høge negative konsekvensane for natur og andre ikkje-prissette verknader i sin definisjon av samfunnsnytte og lønsemd.
Både DFØ (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring) sin veileder for samfunnsøkonomiske analysar, SVV si håndbok og no sist Torvikutvalet sin rapport er heilt krystallklare på at negative konsekvensar for natur, kulturminner, friluftsliv, landbruksareal og ei rekkje andre tema som ikkje kan setjast ein «pris» på, skal inngå i den samla samfunnsøkonomiske analysen. Enten er ikkje dei som hevdar noko anna kjent med regelverket eller så vel dei bevisst å utelata ikkje- prissette konsekvensar i sin argumentasjon. Ser ein på SVV sine samfunnsøkonomiske analysar av dei tre delstrekningane på E39 syner dei at prissett netto nytte er rundt 0 eller negativ, alt etter val av trase. (Smiene-Harestad kjem litt betre ut, men her er det nyleg lagt fram betydeleg kostnadsauke).
Konsekvensane for natur og andre ikkje-prissette konsekvensar er vurdert som svært negative. Samanstilt betyr det i klartekst at prosjekta ikkje er samfunnsøkonomisk lønsame. Dei er i særklasse dei mest naturøydeleggjande vegprosjekta i heile SVV sin prosjektportefølje i NTP (Nasjonal transportplan), med låg samfunnsøkonomisk nytte.
Andre påstandar som vert ført i pennen er dei store ringverknadene denne investeringa vil få for styrka konkurransekraft, fleire arbeidsplassar og auka busetnad. Eller det som i fagmiljøet er uttrykt som «ikke- prissatte nyttevirkninger». Sjølv om reisetida gå ned finnes det ikkje relevant forsking som gjev dekning for at ein ny motorveg vil vera avgjerande for konkurransekraft og busetnad. Både rapporten som er utarbeida av Vista Analyse og rapporten til Torvikutvalet tilbakeviser dette, sitat Torvikutvalet: «Utvalget er ikke kjent med noen studier som gir faglig belegg for at verdien av ikke-prissatte nyttevirkninger har økt tilstrekkelig til at man kan argumentere for at prosjektporteføljene i NTP i senere tid er samfunnsøkonomisk lønnsomme».
Til slutt vil vi minna om at det framleis står att to delstrekningar som sjeldan vert omtala. Det er vegen over Stord mellom Ådland og Bømlafjorden og ny kryssing av Bømlafjorden. Det er rimeleg å anta at kostnadane for desse vil passera 30 mrd. og at samfunnsnytten vert svært negativ. Det vidare planarbeidet vil gje det endelege svaret. Vi konstatera at ein heller ikkje nemner kostnadane for bompengar på alle delprosjekta og den avvisingseffekten dette vil få for trafikkgrunnlaget. Redusert trafikk betyr lågare trafikantnytte og auka negativ samfunnsnytte.
Naturvernforbundet og Norgesmiljøvernforbund vil gjenta vår oppmoding om ein faktabasert debatt om motorvegprosjektet ferjefri E39 basert på objektiv dokumentasjon.