Herold

Stor brøytejobb på Sognefjellet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Halvor Farsund Storvik Published: 2026-04-13 05:41:18
Stor brøytejobb på Sognefjellet

Opnar ikkje før onsdag.

Sognefjellet har vore stengt sidan fredag morgon grunna uvêr. Måndag morgon er det enno uvisst om det blir opna i løpet av dagen.

– Me har ei ny vurdering klokka 12, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal.

Han legg til at han ikkje har fått snakka med brøytemannskapet enno.

– De får ringa opp att om ein liten time, så veit eg kanskje meir.

Ifølgje Meteorologisk institutt er det opphald, nokre få minusgrader og frisk bris på fjellovergangen, men bilete frå Sognefjellshytta viser at det ligg mykje snø i vegbana etter uvêret i helga.

Like før klokka 11 kjem Vegtrafikksentralen med ei ny oppdatering, som seier følgjande: Ny vurdering onsdag klokka 12.

🏷️ Extracted Entities (4)

Sognefjellet (entity) Ifølgje Meteorologisk (person) Sognefjellshytta (entity) Vegtrafikksentralen (entity)