Datasenter og arbeidsplassar
Plus
Datalagring og kunstig intelligens (KI, ogsÄ kalla AI) er dei to store aktivitetane i moderne datasenter, der KI er den fullstendig dominerande nÄr det gjeld bruk av straum. Det er enorme mengder som trengst, og mykje meir i framtida enn nett i dag.
Lokalt er det for tida stort fokus pÄ arbeidsplassar i eit datasenter, men ein mÄ ha i tankane at viktigaste oppgÄva til KI er faktisk Ä avskaffa arbeidsplassar! Det er ikkje ein utilsikta biverknad, det er hovudfÞremÄlet med KI. Og me snakkar ikkje berre om framtida, dette er allereie i full gang.
I dag tidleg las eg faktisk i Dagens NÊringsliv om ein som har tatt konsekvensen: «Jeg har brukt 10.000 timer pÄ Ä bli ekspert. NÄ investerer jeg sparepengene mine i selskapene som gjÞr meg overflÞdig.»
Han innser at alt er bortkasta, og at det suksessfulle firmaet han har bygt opp i det siste, vil gÄ dukken, fordi KI vil overflÞdiggjera kompetansen hans. SÄ nÄ investerer han heller pengane sine i KI.
I mi tid i databransjen var oppgÄva vÄr Ä laga lÞysingar som kombinerte manuelle og datatekniske rutinar pÄ ein mÄte som gjorde jobben meir interessant for arbeidstakaren. Programma skulle redusera dei kjedelege oppgÄvene, fjerna feilkjelder, kvalitetssikra data, og slik syta for at arbeidstakaren fekk konsentrera seg om dei viktige oppgÄvene, dei som trong litt kreativ hjernekapasitet. Somme trudde at eg steig inn i bedriftene for Ä gjera dei tilsette overflÞdige, men det skjedde aldri. Dei fekk berre meir tid til viktige oppgÄver som kanskje hadde blitt forsÞmde tidlegare.
Med KI er det stikk motsett, for den har til oppgÄve Ä ta seg av dei krevjande oppgÄvene, dei som krev kreative og intelligente ekspertar. Berre dei kjedelege rutinejobbane vil bli utfÞrte av arbeidstakarane. Det er dette som er det skumle, kompetanse blir overflÞdig, for ingen vil kunna konkurrera med KI.
Alt i dag finst for eksempel KI-legen, KI-advokaten, KI-komponisten, og fleire. Dei gjer for det meste ein like god jobb som den menneskelege utgÄva, men mykje raskare, og til langt lÄgare pris. Om fÄ Är vil KI-agentane vera suverene, ogsÄ pÄ kvalitet, med det resultatet at arbeidsplassane forsvinn i stort tempo.
Dei som i dag har fysiske jobbar, vil nok stort sett fÄ behalda desse. Det er ikkje sÄ lett Ä la KI erstatta bÞnder, fiskarar, bilmekanikarar, snikrar og handverkarar. Men alle som i dag har arbeidsplassen sin ved ein kontorpult, bÞr kjenna seg utrygge. Kanskje sÄ mykje som halvparten av desse vil forsvinna, pÄ relativt kort tid.
Analytikarar har komme fram til at ein milliard arbeidsplassar kan bli borte. Det er eit ekstremt hÞgt tal, som indikerer at det pÄ verdsbasis kan bli krise. Om me opplever det slik i Kvinnherad, kan me fÄ ei arbeidslÞyse pÄ over 25 prosent!
Det blir visst lova 100 faste arbeidsplassar pÄ det nye datasenteret, i stil med det som er vanleg Ä lova for eit slikt senter. For meg verkar det meir realistisk Ä tenkja 15 faste, for etter kvart KI vil naturlegvis overta dei fleste funksjonar i eit slikt anlegg ogsÄ.
SÄ kan ein til slutt filosofera litt over om eit datasenter pÄ Husnes vil skaffa arbeidsplassar. Eller om det vil avskaffa arbeidsplassar. Eg veit ikkje svaret.