Herold

Digital infrastruktur for Vestlandet – eit berekraftig industriprosjekt

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Thor Henrik W. Hagen og Vigdis Hjertaker Hope, grunnleggjarpartnarar i Reikna AS Published: 2026-04-13 07:45:46
Digital infrastruktur for Vestlandet – eit berekraftig industriprosjekt

Komande torsdag skal formannskapet i Kvinnherad ta stilling til om kommunedirektøren skal få fullmakt til å selja ei tomt i Grøn Næringspark til Reikna AS for etablering av eit HPC/AI-datasenter. Me set pris på den opne debatten som har følgd nyhendet, og ønskjer å gje eit tydeleg bilete av kva dette prosjektet faktisk inneber.

Kva er Reikna og kva vil me bygga?

Reikna AS er eit norsk selskap grunnlagt i Sunnhordland i 2025, av lokale aktørar med bakgrunn frå norsk energi- og industrinæring. Reikna NDC Husnes er planlagt som eit skalerbart HPC/AI-datasenter, eit anlegg for høg-ytelses databehandling og kunstig intelligens, planlagt sett i drift i 2028. Prosjektet er designa med ei av dei beste energieffektivitetsverdiane i bransjen (PUE ≤ 1,10).

Reikna er meir enn eit nytt selskap. Grunnleggarane har erfaring frå tidlegare datasenterprosjekt, og selskapet har etablert solide partnarskap med aktørar som har lang erfaring frå bygging og drift av datasenter i stor skala. Dette gjev oss eit fagleg og operativt fundament utover det ein normalt finn i eit selskap på dette stadiet. Gjennom desse partnarskapa har me òg lagt eit konkret grunnlag for lokal verdiskaping. Me arbeider aktivt for at lokale selskap skal ta del i både bygg- og driftsfasen, og at rekruttering av fast tilsette i størst mogleg grad skjer lokalt på Husnes og i Sunnhordland-regionen.

Me kan òg melda at selskapet nyleg har sikra strategiske eigarar og partnarar som bidreg med kapital, kompetanse og nettverk for å realisera prosjektet. Dette styrkjer grunnlaget for å ta prosjektet frå plan til ferdig bygg, og gjev kommunen tryggleik for at dette ikkje er eit prosjekt på papiret, men eit prosjekt på veg mot spaden i jorda.

Reikna har kapital, kundedialogar og konkrete planar. Investeringsbeslutning er planlagd i fjerde kvartal 2026, med byggestart umiddelbart etter det.

Kva er eit datasenter i dag?

Mange tenkjer på eit datasenter som ein stad der filer vert lagra - ein digital arkivskuff. Moderne datasenter, særleg av typen HPC/AI, handlar derimot primært om reknekraft. Skiljet er viktig fordi datalagring er passivt, medan dataprosessering er aktivt, og det er det siste som driv det meste av verdiskapinga.

Reknekraft. Det er også der namnet vårt kjem frå. «Reikna» er det norrøne og vestnorske ordet for å rekna. Det er ikkje tilfeldig. Ein forskar ved til dømes Havforskingsinstituttet som skal køyra klimamodellar treng ikkje berre ein stad å lagra data, ho treng tusenvis av parallelle rekneoperasjonar som går samstundes, i timar eller dagar. Det same gjeld ein ingeniør hos Hydro som vil optimalisera aluminiumsprosessar i sanntid. Algoritmar analyserer sensordata frå produksjonslinja og justerer fortløpande, noko som krev låg forsieinking og høg lokal kapasitet. Og når ein AI-modell skal trenast, det vil seia læra av store datamengder, er dette blant dei mest reknekrevjande oppgåvene som finst. Det er denne typen kapasitet Reikna NDC Husnes vert bygd for å levera.

Husnes er rett stad – av gode grunnar

Husnes representerer ein kombinasjon av faktorar som er sjeldne å finna på éin stad; tilgjengeleg fornybar kraft, ei regulert industritomt i Grøn næringspark, nærleik til Statnett og Fagne sine nettstasjonar, eksisterande industriell kompetanse og næringsmiljø, samt ein framoverlent kommune.

Den omtalte tomta er regulert til kraftintensiv industri. Grøn Næringspark Kvinnherad vart etablert nettopp for denne typen prosjekt. Me ønskjer å fylla ei regulert, industrialisert tomt med framtidsretta verksemd.

Kvifor treng Noreg – og Vestlandet – dette no?

Regjeringa sin nasjonale digitaliseringsstrategi er tydeleg; Noreg skal vera det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. Det krev digital infrastruktur. Medan Austlandet og Nord-Noreg dei siste åra har fått storskala datasenteretableringar, er Vestlandet utan tilsvarande kapasitet. Reikna NDC Husnes vil verta det første dedikerte, nybygde HPC/AI-datasenteret i Vestland fylke.

Dette handlar òg om digital suverenitet. Norske og europeiske aktørar, offentlege etatar, industri og forsking treng ein stad å prosessera og lagra data på Vestlandet, med norsk lovgjeving og fornybar kraft.

Arbeidsplassar og industriell symbiose

Basert på konservative estimat frå tilsvarande prosjekt anslår me 75–100 direkte arbeidsplassar ved ferdigstilling. I tillegg kjem bygg- og anleggsfasen og ringverknadar gjennom leverandørindustri i Sunnhordland-regionen.

Uavhengige rapportar frå Menon Economics stadfestar dette bildet. Ved Green Mountain sitt datasenter OSL-Hamar har 224 personar fast arbeidsstad ved 110 MW kapasitet – om lag 2 tilsette per MW. Stargate Norway sitt HPC/AI-datasenter i Narvik på 230 MW, planlegg om lag 250 fast tilsette. Reikna sine anslag på 1,5–2 årsverk per MW for NDC Husnes er såleis konservativt.

Me er òg svært opptekne av industriell symbiose. Eit moderne datasenter produserer store mengder overskotsvarme. Me har allereie hatt samtalar med aktørar i Grøn næringspark om korleis denne varmen kan nyttast til biogassprosessar, tørkeanlegg, landbasert oppdrett eller veksthus. Dette er sirkulærøkonomi i praksis.

Til dei som stiller kritiske spørsmål

Me verdset engasjementet frå Naturvernforbundet og andre. Energiforbruk, naturpåverknad og konsekvensane for kraftnettet er legitime spørsmål. Me meiner svara våre er godt forankra; Datasenteret skal plasserast på ei regulert industritomt. Kraftbehovet er godt innafor nettoppgraderingane Statkraft og Fagne har satt i gong. PUE ≤ 1,10 tyder på at me er blant dei mest energieffektive datasentra i verda. Overskotsvarmen vert ein ressurs, og ikkje eit avfallsproblem.

Digitaliseringa av samfunnet er ikkje noko me kan stoppa ved å la vera å byggja infrastruktur i Noreg. Databehandlinga vil skje, men spørsmålet er om det skal skje her på Husnes, med fornybar norsk kraft og under norsk lov, eller andre stader i Europa med kol og gass i energimiksen.

Ein invitasjon til dialog

Reikna med sine grunnleggjarar har vore ein aktiv del av arbeidet med Grøn næringspark. Me er medlem av Kvinnherad Næringsservice og Atheno, og me har jobba tett med kommunen og næringsmiljøet over lengre tid. Dette prosjektet er lokalt forankra, og me ønskjer at Husnes og Sunnhordland skal vera stolte av det me byggjer saman.

Me inviterer politikarar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar til open dialog. Me svarar gjerne på spørsmål – om kraft, natur, arbeidsplassar eller teknologi.

Nasjonale styresmakter har, gjennom digitaliseringsstrategien til Regjeringa, forplikta seg til at Noreg skal vera det mest digitaliserte landet i verda innan 2030. Det er eit mål som krev at nokon faktisk byggjer infrastrukturen. Formannskapet i Kvinnherad har torsdag høve til å demonstrera den lokale politiske viljen som omset nasjonal ambisjon til handling. Me håpar dei ser det potensialet me ser i Husnes.

Thor Henrik W. Hagen og Vigdis Hjertaker Hope er grunnleggjarpartnarar i Reikna AS. Selskapet har hovudkontor på Stord og arbeider med å etablera Reikna NDC Husnes – eit HPC/AI-datasenter i Grøn Næringspark Kvinnherad.

Thor Henrik (43) vil bygga datasenter på Husnes: – Avgjerande at me får det til relativt raskt

Skeptiske til datasenter: – Kan få store ringverknadar

🏷️ Extracted Entities (31)

Vestlandet (entity) AI (entity) Grøn Næringspark Kvinnherad (person) Reikna NDC Husnes (organization) Noreg (entity) Sunnhordland (place) MW (entity) Fagne (entity) Reikna AS (organization) Thor Henrik W. Hagen (person) Atheno (entity) Datasenteret (entity) Europa (entity) Green Mountain (person) HPC/AI-datasenteret i Vestland (organization) Havforskingsinstituttet (entity) Hydro (entity) Kvinnherad Næringsservice (person) Medan Austlandet (person) Menon Economics (person) Narvik (place) Naturvernforbundet (entity) Nord-Noreg (entity) OSL-Hamar (entity) PUE (entity) Regjeringa (entity) Stargate Norway (person) Statkraft (entity) Statnett (entity) Stord (entity) Vigdis Hjertaker Hope (person)