Herold

Denne gjengen gjekk til topps utan å sleppa inn eitt mål 

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-13 09:00:00
Denne gjengen gjekk til topps utan å sleppa inn eitt mål 

Trio sitt G16-lag i fotball imponerte i Odda.

Utan å sleppa inn eit einaste mål, gjekk raudtrøyene frå Trio sigrande ut av helgas Zinken Cup i Odda.

Dei starta helga med å slå Haugar 2–0 i gruppespelet, før det vart 1–0 mot Etne og 0–0 mot Avaldsnes/Torvastad.

I sluttspelet opna dei med 3–0 mot Haugar 2 i semifinalen, før Haugar på nytt vart slått i den store finalen.

Her vart det 0–0 etter ordinær tid, før Trio vann 2–0 på straffar.

Med det gjekk G16-laget gjennom fem kampar og ein straffesparkkonkurranse utan å plukka ein einaste ball ut av eige nett.

Mykje på grunn av keeper Jonas Gjerde, som også vart kåra til beste spelar i finalen.

🏷️ Extracted Entities (8)

Haugar (entity) G16 (entity) Odda (entity) Trio (entity) Avaldsnes/Torvastad (place) Etne (entity) Jonas Gjerde (person) Zinken Cup (organization)