Herold

Lause hestar og ungdommar på tak

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sara Finne Kayser Published: 2026-04-13 08:16:41
Lause hestar og ungdommar på tak

Det har vore ei travel helg for politiet på Voss.

I løpet av helga har det runne inn med ulike hendingar; trafikkulukke på Hardangervidda, brann på Sivle, brann ved folkehøgskulen og sauer som gjekk gjennom golvet.

I tillegg har politiet fått inn meldingar om fleire småhendingar.

Fredag kveld, i 23-tida, vart dei varsla om to lause hestar som gjekk ute i bilvegen i Skulestadmo.

– Det var ein person der som fekk hestane ut av vegen, og fekk varsla eigar. Eigar fekk raskt hand om dei og fekk dei heim att, seier politioverbetjent Henning Hegbom.

Litt tidlegare på fredag, kring klokka 19:30, gjekk det eit isras i Vinjadalen.

– Ingen vart trefte av det, heldigvis, og entreprenør var raskt på staden for å rydda. Det heng ein god del is som skal smelta og detta ned no, så det kan vera greitt å vera obs på, seier Hegbom.

Måtte stoppa bålbrenning

Klokka 21 laurdag kveld fekk dei melding om nokre ungdommar som brann bål i Bømoen, i nærleiken av Statens vegvesen.

– Dei hadde mellom anna sett fyr på nokre pallar, og det var personar i området som reagerte då det var mykje vind. Patruljen tok turen opp for å snakka med ungdommane, som gjorde som dei fekk beskjed om og sløkte brannen. Veldig uproblematisk, seier Hegbom.

Sundag i 17-tida fekk politiet telefon om nokon som hadde sett ungdommar oppe på taket på Vangen skule.

– Dette får me melding om innimellom, og kva dei gjer oppe på taket der veit eg ikkje. Me var i området og snakka med nokon andre ungdommar, som meinte at dei andre var på taket for å henta ein ball. Uansett så er det mange som bur i området som vert engstelege av å sjå dette, då det er langt ned. Ingen skal vera oppe på dette taket, og elevane må ta kontakt med lærarar for å få ting ned frå taket på ein trygg måte, seier han.

Line (39) tilsett i leiarstillinga: – Det er eit stort ansvar

Opna dørene trass trugsel om politimelding

🏷️ Extracted Entities (9)

Henning Hegbom (person) Bømoen (entity) Hardangervidda (entity) Sivle (entity) Skulestadmo (entity) Statens (entity) Vangen (entity) Vinjadalen (entity) Voss (entity)