Herold

Kjære heradsstyremedlem og lokalpolitikar i Ulvik

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sven-Helge Pedersen Published: 2026-04-13 08:55:49
Kjære heradsstyremedlem og lokalpolitikar i Ulvik

Eg vender meg til deg fordi eg er uroa for utviklinga i Hardangerfjorden – og for dei vala som de no står framfor på alle våre og framtidige hardingar sine vegner.

Fjordane våre er ikkje berre landskap, men levande økosystem som har bore lokalsamfunn gjennom generasjonar. Samstundes ser vi at oppdrettsindustrien, ei viktig næring for Noreg, legg eit aukande press på naturen.

Det er særleg forureininga som uroar meg. Store mengder næringssalt og organisk avfall vert sleppt direkte i fjorden. Over tid fører dette til oksygenfattige botnforhold og endringar i økosystema. Dette er ikkje hypotetisk – det er dokumentert utvikling.

I tillegg kjem nye og lite omtalte utfordringar, som bruken av impregneringsmiddel i oppdrettsnøter. Desse kjemikalia vert gradvis vaska ut og kan hope seg opp i sedimenta. Vi veit framleis for lite om langtidsverknadene, men det vi veit, gir grunn til uro.

Samtidig vert lukka anlegg løfta fram som løysinga. Men slik teknologien står i dag, handterer han ikkje den mest kritiske forureininga godt nok. Utslepp knytt til slam, energibruk og risiko for lekkasjar er framleis reelle problem.

Det eg opplever som mest problematisk, er likevel at vidare vekst i næringa vert tillaten på bakgrunn av lovnader om framtidige miljøforbetringar. Med andre ord: meir belastning i dag, i håp om betre løysingar i morgon.

Men Hardangerfjorden toler ikkje fleire storskala eksperiment. Fjorden kan ikkje være ein testarena for uprøvd teknologi. Når usikkerheita er stor, meiner eg føre-var-prinsippet må liggje til grunn for forvaltinga.

Eg vil difor be dykk om å vere tydelege i prioriteringane framover: – Set krav om dokumenterte miljøforbetringar før ny vekst vert tillaten – Styrk kunnskapsgrunnlaget før nye tiltak vert rulla ut i stor skala – Ver ei tydeleg stemme for naturen si tåleevne i møte med industrien og statlege føringar

Dette handlar ikkje om å vere mot oppdrett. Det handlar om rekkjefølgje, ansvar og langsiktig forvalting av felles naturverdiar.

Eg håpar de tek denne uroa på alvor, og at de vil bidra til ei forvalting som set naturen først – ikkje etterpå.

Skal vi la Bruravik bli starten på oppdrett i Indre Hardanger?

Her kan det koma ny kjempesatsing med 15 nye arbeidsplassar

70.000 røyer fiska ut or Granvinsvatnet – det er bra for sjøauren

Lakselusa drep laksesmolten og sjøauren: – No krev me at lokalpolitikarane kjem på banen

🏷️ Extracted Entities (6)

Ulvik (place) Hardangerfjorden (entity) Bruravik (place) Granvinsvatnet (entity) Indre Hardanger (person) Noreg (entity)