Herold

Grundig lei av utrangert og dyrefiendtleg Telenor-skrot

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arve Olav Solbakken Published: 2026-04-12 04:00:00
Grundig lei av utrangert og dyrefiendtleg Telenor-skrot

Bonde Per Arild Frøyen på Frøyalandet er grundig lei av at dyra gneg på og vasar rundt i dei gamle telefonkablane. Han tilbyr Telenor å ta jobben med å fjerne det., men har så langt talt for døve øyrer.

Per Arild Frøyen er handverkar og driv gard med storfeproduksjon på Frøyalandet i Bremanger. Storfeet hans og naboane sine sauer beitar langs den kommunale Nesjevegen på strekninga mellom krysset ved Olderøya og ut til Nesje.

Her ligg den gamle telefonlinja langs vegen og også tvers over vegen i Ånnevika.

Dyrefiendtleg

– Dyra går og gneg på telefonkabelen og eg fryktar at dei skal vikle seg inn den og sette seg fast. Det har vi sett eksempel på andre stader i landet. Eg har vore i kontakt med folk i Telenor fleire gonger og tilbydd meg å ta jobben med å fjerne dette skjemmande rotet, dersom Telenor stiller med containerar å samle det i, fortel Frøyen.

Han var lovd å få eit svar frå Telenor, men har ikkje høyrt noko siste året.

Telenor si koparlinje vart teken ut av drift i heile landet i fjor. Totalt skal det ryddast vekk 150.000 kilometer med kabel og 400.000 kreosot-stolpar. Nokre stader er telefonkablane gravne ned, noko som gjer oppryddinga i desse områda dyrare.

I 2026 og 2027 er det lagt opp til avgrensa opprydding ved farlege punkt, medan den store ryddesjauen skal starte i 2028. Målsettinga er at ryddejobben nasjonalt skal vere ferdig i 2030.

I Bremanger går telefonlinjene i luftstrekk i terrenget. I grisgrendte strøk reknar Telenor med at oppryddinga kjem seinare enn i dei tettare befolka områda.

Men teleselskapet opnar for unnatak dersom det er stolpar som er farlege for folk, dyr eller ferdsel. Dersom kabelen heng lågt og er til hinder for vanlege vegfarande eller næringslivet, så opnar Telenor også for hastebehandling av saka.

Bremanger ikkje prioritert

Informasjonssjef Vetle Andersen i Telenor sitt svar er følgande:

– Saneringa av gamle stolpar og kablar er eit storstilt, komplekst og landsomfattande arbeid som må gjennomførast i samsvar med gjeldande regelverk, deriblant krav til sikkerheit, miljø og avfallshandtering. Stolpane må transporterast til godkjent forbrenningsanlegg med stor nok kapasitet. Arbeidet med derfor gjerast av sertifiserte leverandørar i Telenors leverandørnettverk, og ikkje av privatpersonar, seier han.

Han viser til at saneringa skal gjennomførast område for område og at Bremanger ikkje er del av eit område som er høgt prioritert.

Hastesaker

– Men vi handterer fortløpande enkeltsaker der kablar eller anna infrastruktur kan utgjere ein fare for menneske og dyr, eller dersom ferdsel blir hindra. Slike tilfelle kan rapporterast på telenor.no/kabelnett. Men sanering av områda i Bremanger er ikkje avklart enno, understrekar han.

Rekkefølge på kommunane og områda blir bestemt ut frå ei rekke tilhøve som tal på kritiske saker, vêrtilhøve, tele i bakken og framkome i ulike sesongar.

Når saneringa startar vil husstandar med koparkablar fram til sin bustad motta varsel på førehand. Telenor er ansvarleg for fjerning av infrastruktur på og fram til den private eigedommen, utan kostnad for huseigar.

🏷️ Extracted Entities (9)

Telenor (entity) Bremanger (entity) Bonde Per Arild Frøyen (person) Frøyalandet (entity) Nesje (entity) Nesjevegen (entity) Olderøya (entity) Vetle Andersen (person) Ånnevika (entity)