Herold

KV Svalbard fekk omfattande oppgradering i Florø

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-04-13 03:15:00
KV Svalbard fekk omfattande oppgradering i Florø

Med 22 000 meter varmekablar og evne til å operere i nokre av verdas mest krevjande farvatn, er KV Svalbard det einaste fartøyet i Forsvaret med isbrytarkapasitet. No har fartøyet vore til oppgraderingar på verftet i Florø.

Norge har berre to isbrytar, KV Svalbard og forskingsfartøyet Kronprins Haakon.

Sidan oktober 2025 har KV Svalbard lege ved Westcon i Florø.

Her blei det gjennomført omfattande oppgraderingar av fartøyets sambands- og navigasjonsløysingar, samtidig som det blir gjort tekniske tilpassingar for helikopteroperasjonar.

– KV Svalbard er eit kystvaktfartøy med særlege eigenskapar for operasjonar i arktiske farvatn. Oppgraderingane er ein del av arbeidet med å halde fartøyet operativt og relevant for oppdraga det utfører i nokre av Noregs mest krevjande farvatn, påpeikar flaggkommandør Stein Håvard Bergstad, sjef maritime kapasitetar i Forsvarsmateriell i ei pressemelding.

– Dette handlar om å sikre at løysingane om bord er oppdaterte, fungerer som dei skal og er fagmessig utført. Forsvarsmateriell følger opp at arbeida skjer i tråd med spesifikasjonane, seier Jim David Kolsing, inspektør for ombygginga frå Forsvarsmateriell og har følgt arbeidet sidan oppstarten i fjor haust.

Han fortel at den største delen av ombygginga har bestått av eit nytt ICS (Integrated Communications system), som bind saman alle kommunikasjonsmiddel.

Eit unikt kystvaktfartøy i Arktis

Medan kystvaktfartøya i Jan Mayen-klassen også er isforsterka, er KV Svalbard kystvakta sitt einaste med isbrytarkapasitet og fartøyet opererer hovudsakleg i farvatna rundt Svalbard.

Fartøyet blir brukt blant anna til fiskeriinspeksjonar, beredskap, støtte til forsking, suverenitetshevding, vern av suverene rettar og myndigheitsutøving i nordområda.

Det som gjer fartøyet spesielt, er evna til å operere effektivt i is over lengre tid.

– Vi har rundt 22 000 meter med varmekablar om bord. Det gjer at vi unngår ising på dekk og utstyr, noko mange andre fartøy slit med. Vi kan liggje klare og vente på vêrvindauge, og starte operasjonar med ein gong forholda ligg til rette, seier skipssjef Geir Martin Leinebø.

Dette gir fartøyet ein operativ fordel i arktiske område, der vêr og isforhold raskt kan endre seg.

– Andre fartøy må bruke tid på å fjerne is før dei kan starte. Vi er klare når moglegheita kjem. Det er spesielt viktig under forskingstokt og beredskapsoppdrag, seier han.

KV Svalbard har også kapasitet til å operere over lange periodar utan å gå til kai, og kan ha med seg forskarar og anna personell om bord.

– Vi kan vere ute i fleire veker, og har plass til opptil 100 personar. Det gjer oss godt eigna til forskingsoppdrag i tillegg til kystvaktoppdraga, seier Leinebø.

Nye løysingar for samband og navigasjon

På brua er det installert nye navigasjonsløysingar, nye radarar og nytt sambandssystem. Målet er både å modernisere fartøyet, og å gjere løysingane meir like dei som finst på andre fartøy.

– Når vi får meir standardiserte system, blir det enklare med vedlikehald, logistikk og opplæring. Det gjer også den tekniske støtta enklare, seier FMA-inspektøren.

Blant oppgraderingane er nye antenner, nytt Tetra-system og førebuingar for ny satellittkommunikasjon. Det er også etablert ei ny 5G-løysing som gir vesentleg betre datakapasitet nært land enn tidlegare.

– Vi gjer klart for integrering av ny Satcom-løysing, og fartøyet får betre kapasitet både på militær og sivil kommunikasjon. Det gir betre dekning og høgare fart, held han fram.

Betre støtte for operasjonar i is

For eit kystvaktfartøy som opererer i arktiske område, er gode navigasjonsverktøy avgjerande. Ein av dei viktigaste forbetringane er ein ny isradar.

Den nye radarløysinga gir betre oversikt over isforholda og gjer det enklare å finne farbare ruter.

– Vi kan i større grad identifisere svakare område i isen og navigere meir effektivt, noko som igjen gir ein miljøgevinst i form av mindre forbruk. Det bidreg både til auka tryggleik og meir effektiv drift, seier skipssjefen.

KV Svalbard blir brukt jamleg i forskingstokt langt nord, blant anna i samarbeid med norske og internasjonale forskingsmiljø. Fartøyets evne til å operere i is er derfor viktig, både for Kystvakta sine eigne oppdrag og for støtta til andre statlege aktørar.

Det er også gjennomført arbeid om bord for å leggje til rette for helikopteroperasjonar. Dette omfattar blant anna tekniske tilpassingar og installasjonar i fartøyet.

– Det er gjort førebuingar for å kunne ta imot helikopter. Det er ein del av den heilskaplege oppgraderinga som no går føre seg, seier FMA-inspektøren.

Tett oppfølging frå Forsvarsmateriell

Ombyggingsarbeidet har blitt følgt tett opp av Forsvarsmateriell sine inspektørar og fagpersonell. Fleire fagområde er involverte, og både testar ved kai og sjøprøver inngår i sluttfasen av prosjektet.

– Vi testar utstyret fortløpande og følger opp at systema fungerer som dei skal. Når arbeida er ferdige, skal fartøyet gjennom både testar ved kai og sjøprøver før det blir sett tilbake i operativ drift, seier Kolsing.

For mannskapet på KV Svalbard er målet klart, å få fartøyet tilbake i operasjon så raskt som mogleg, med betre løysingar om bord.

– Oppgraderingane er viktige for at vi skal kunne halde fartøyet i drift og løyse oppdragane våre også framover, seier Leinebø.

🏷️ Extracted Entities (18)

KV Svalbard (organization) Florø (entity) Forsvarsmateriell (entity) Geir Martin Leinebø (person) FMA (entity) Jim David Kolsing (person) Arktis (entity) Forsvaret (entity) Haakon (person) ICS Integrated Communications (organization) Jan (entity) Kystvakta (entity) Mayen (entity) Noregs (entity) Satcom (entity) Stein Håvard Bergstad (person) Tetra (entity) Westcon (entity)