Ingen storstreik, og slik blei lønsoppgjeret
Plus
Fellesforbundet og Norsk industri blei samde søndag.
Årets lønsoppgjer enda med ei ramme på 4,4 prosent lønsvekst.
Det melder Fri Fagbevegelse søndag.
I kroner og øre betyr det ein lønsvekst på 12.675 kroner, eller eit timetillegg på minst 6,50 kroner i timen.
Oppå dette kjem eit ekstra lønstillegg til dei med lågast løn på fire kroner i timen.
Dermed møter dei 33.000 medlemmene i Fellesforbundet på jobb som normalt måndag morgon.
Fellesforbundet-leiar Christian Justnes meiner resulatet blei god reallønsvekst med ein tydeleg lågtlønsprofil. Motparten i Norsk Industri meiner oppgjeret blei dyrt, men at det var viktig å unngå streik i ei for tida uroleg verd.
🏷️ Extracted Entities (4)
Fri Fagbevegelse
(person)
Norsk Industri
(organization)
Christian Justnes
(person)
Fellesforbundet
(entity)