Manuell dirigering i tre rv. 5-tunnellar
Plus
Gjeld Klettatunnelen og Bjørnsnestunnelen, men også Naustdalstunnelen. Det er også meir langvarig vegarbeid mellom Førde og Naustdal kvar dag denne veka.
Frå klokka 07.00 måndag morgon, er det manuell dirigering med ledebil i både Klettatunnellen like utanfor Førde, og Bjørnsnestunnellen lenger i retning Naustdal.
Det melder Statens vegvesen på si trafikkmeldingoversikt.
Den manuelle dirigeringa vil gjelde i begge retningar, og har sluttid måndag kveld klokka 19.00.
Også for Naustdalstunnelen er det opplyst at det er manuell dirigering denne morgonen. Også her frå 07.00 til 19.00.
Trafikkoperatør Eva Heggberget-Grønland ved Vegtrafikksentralen Vest fortel til Firda at arbeidet som skal utførast i alle tunnelane er det samme.
– Det er tunnellinnspeksjon med hjullastar og korg, fortel ho.
Ventetida bilistar på pendlarvegen må kunne rekne med, er opptil 15 minuttar.
I tillegg til dei tre rv. 5-tunnellane, er det også manuell ei tredje dirigering på strekninga på mellom Nedre Klopstad og Furset i begge retningar. Også dette arbeidet har arbeidstid frå 07.00 til 19.00, men er skissert å gjelde også tysdag, onsdag, torsdag og fredag denne veka.
– Her er det rydding av skog som skal utførast. Der er det mogleg at det vert korte periodar med stenging, til dømes med lasting, seier trafikkoperatøren, som fortel at dette er eit bevegeleg aarbeid, og at ryddinga difor vil sje på ulike stader på strekket veka gjennom.