Det grøne skiftet har ei bakside
Plus
Eg er gladfor at Noralv Distad frå Vestland Høgre engasjerer seg i debatten om fornybar energi. Men eg vil gjerne utvide perspektivet – og avgrensa meg, for no, til Kinn, Bremanger og Sunnfjord.
La oss vera ærlege: Debatten om vindkraft i områda våre handlar ikkje berre om natur. Det handlar like mykje om kva verdiar vi er villige til å byggja energipolitikken vår på.
Vi får høyra at vi må seia ja til planinitiativ og konsekvensutgreiingar for å «skaffa kunnskap».
Men det er éin type kunnskap som konsekvent manglar – og eg spør meg om det er med vilje: Kor kjem råvarene eigentleg frå? Ifølgje Amnesty International er barnearbeid utbreidd i koboltgruvene i Den demokratiske republikken Kongo, som står for godt over halvparten av verdas koboltproduksjon. Barn heilt ned i seks–sju årsalderen arbeider under livsfarlege tilhøve, utan verneutstyr, med høg risiko for alvorlege helseskadar.
Dette dokumenterte Amnesty allereie i 2016, og rapporten eridan oppdatert. UNICEF har gjort det same – og peiker på at barn vert utsette for arbeid som kan gje varige skadar, både fysisk og psykisk.
Dette er ikkje enkelthistorier.
Fagfellevurdert forsking viser at barnearbeid i koboltutvinning er ein strukturell del av ein global verdikjede, drive fram av etterspurnaden etter batteri og elektrifisering. Det dokumenterer mellom andre Banza og Lubaba Nkulu (2018), Sovacool (2019) og tidsskriftet The Extractive Industries and Society (2019). Det grøne skiftet har altså ei bakside det ikkje vert snakka så høgt om.
Og denne baksidaer fullstendig fråverande i konsekvensutgreiingane som no er aktuelle i Kinn, Bremanger og Sunnfjord.
Som Raudt-politikar og medmenneske lurer eg på korleis vi kan snakka om berekraft utan å ta med menneskerettane.
Korleis kan eit ja til utgreiing framstillast som nøytralt, når det i røynda er eit steg vidare inn i ein verdikjede vi veit er problematisk? Dette er ikkje eit argument for å stoppa all utvikling. Det er eit krav om at vi må vera ærlege og medvitne. Vi har alternativ rett framfor oss: energieffektivisering som faktisk reduserer behovet, og solkraft på eksisterande bygg – som unngår nedbygging av natur, sjølv om også den teknologien har sine utfordringar knytt til produksjon og kjedar via Kina.
Kommunane våre må slutta å lata som om dette berre handlar om økonomi og teknikk. Det handlar om verdiar – våre verdiar. Eit ja til planinitiativ er ikkje berre starten på ein prosess. Det er eit val om kva vi ønskjer, og kva vi aksepterer.
Tek vi ikkje medheile kjedane, er dette i beste fall grønvasking av menneskeliv.