Herold

Engebø-gruva – enno ikkje ei pengemaskin

Plus
Kilde: Firda Author: Erik Solheim, Naturvernforbundet i Sunnfjord Published: 2026-04-13 07:00:53
Engebø-gruva – enno ikkje ei pengemaskin

Firda karakteriserer 7. april Engebø-gruva som ei pengemaskin. Dette har visst BDO – kva no det måtte vere for noko – kome fram til i ein rapport. 1,8 milliardar kroner skal ha kome ut i samfunnet frå Engebø, 455 millionar til lokale verksemder i Sunnfjord.

Dette er ikkje pengar som «pengemaskina» har levert. Dette er pengar som aksjonærane har skote inn for å byggje opp verksemda. Altså investerte midlar som eigarane venteleg trur skal gje inntening seinare. Drifta gjekk med underskot i 2025, fortel artikkelen. Firda har tidlegare skrive om innkøyringsvanskar.

Dersom BDO har brukt dei investerte midlane som uttrykk for produksjonsresultat av gruvedrifta, er dette reklame, ikkje eit økonomifagleg standpunkt med faktisk dekning. Den kompetansen leiaren for Sunnfjord Utvikling skryter av som leiande i landet – ikkje noko mindre – har enno ikkje gjeve økonomisk driftsoverskot, sjølve kjenneteiknet på vellukka næringsliv.

Vi får inntrykk av at den same skavanken pregar opplysningane om talet på tilsette. Sjølvsagt har det vore mange personar i sving for å jamne ut terrenget, reise bygningane og montere utstyret inne i dei. Det viktige spørsmålet er kor mange som får arbeid i drifta når alt er klart til å vinne ut titandioksid og anna av det grå berget. Svaret veit vi ikkje før drifta har vore i gang ei tid.

I nokre kommentarar til Firda-artikkelen vert det hevda at å gå til rettssak mot utsleppsløyvet er udemokratisk. Ja, rett og slett i strid med demokratiet. Dette kan ikkje vere gjennomtenkt. Domstolane er berande i rettsstaten. Stortinget vedtek lovene. Regjeringa og mange andre instansar gjer konkrete vedtak i mange saker, ikkje alltid i tråd med gjeldande lover og andre rettsreglar.

Utan domstolane til å avgjere kva som er rette vedtak etter lovene, internasjonale avtaler og andre juridiske styringar, kunne politikarar og byråkratar gjere meir det som fell dei inn. Borgarting lagmannsrett kom til at utsleppsløyvet til Nordic Mining er i strid med vassdirektivet i EU, eit direktiv som Stortinget har teke inn i norsk rett. I sommar får vi vite kva Høgsterett seier om saka.

Gruva på Engebø: Har allereie lagt att hundrevis av millionar i Sunnfjord

🏷️ Extracted Entities (7)

Engebø (entity) Sunnfjord Utvikling (person) BDO (entity) EU (entity) Høgsterett (entity) Nordic Mining (person) Stortinget (entity)