Team Pølsa – Applaus!
Plus
Serien som har gått på TV no, der Øystein Pettersen tek oss med på ei ferd med 6 ungdommar, som har forskjellige funksjonsvarigheiter, er ei heilt utruleg historie. Dette er andre året, Øystein Pettersen viser oss kor han taklar og har gjeve eit nytt innhald av livet for 12 ungdommar.
Desse ungdomane har kvar for seg, hatt sine problem opp gjennom åra. Og har vel ein felles nemnar; at dei har ikkje har vorte sett, mykje åleine, og ikkje vore ein del av eit fellesskap. Nett dette er det det Øystein tek fatt i. Han hjelper dei, men samtidig må dei i eit fellesskap hjelpe både seg sjølv og andre, når det buttar i mot.
Og her er det det Øystein er heilt unik. Uansett kva som skjer, så klarar han å samle ungdommane igjen å få trua på seg sjølv. Dei fullfører prosjektet no i år, med skiskytinga i Holmenkollen på ein framifrå måte. Å formidle idrettsglede uavhengig av kva utfordringar ein måtte ha, står hans hjarte nær, seier Øystein Pettersen.
Det er ikkje ofte eg set framfor NRK TV og tårene trillar. Men det gjorde dei med meg, når dei to siste episodane av Team Pølsa vart vist på skjermen. Denne serien er til ettertanke for oss alle. Kva kan den enkelte av oss gjere. Vi alle kan kanskje gjere litt, ikkje som Øystein Pettersen. Han er berre unik.
All ære til NRK som sende dette programmet. Dette er program med meining i. Få meir av slike ekte program, og kutt ut; «mye av den driten» de sender, som mi gamle tante på 92 år sa ein gong.
– Det er overveldande. Eg er tom for ord
Benjamin og «Team Pølsa» nådde målet sitt