Vegval Fv. 57 Båtevika – Storehaug
Plus
Vegval FV. 57 Båtevika – Storehaug: Eit val for framtida.
Debatten om vegtrasé for fv. 57 gjennom Bygstad engasjerer – og det er bra. Samstundes er det viktig at diskusjonen ikkje berre blir prega av enkeltinteresser og enkeltsaker, men at vi løftar blikket og ser kva som er best for fellesskapet og for framtida.
Dette er ei avgjerd som vil prege både kvardagen og utviklinga i området i fleire tiår framover. Eg meiner at traséval A2 er det beste og mest framtidsretta alternativet.
Størst nytte for flest mogleg
Det har blitt hevda at alternativa vil skape usikkerheit for eigedomar og utvikling. Dette er ikkje eit argument som kan stå åleine. Alle større samferdselsprosjekt vil påverke nokon.
Spørsmålet er ikkje om nokon blir påverka – men kva løysing som gir størst samla nytte for flest mogleg.
Målet med utbetringa av fv. 57 er å betre framkome, auke trafikksikkerheita og leggje til rette for vidare utvikling i regionen. Då må vi også velje den løysinga som faktisk oppfyller desse måla best – ikkje den som i størst grad tek omsyn til enkeltinteresser.
Vegløysing og arealbruk
Det blir peika på at vegen vil gå gjennom industriområde, tun og hagar. Her er det viktig å vere presis.
Trase A2 er lagt på sørsida opp Fauske og vil i mindre grad gripe inn i slike område enn det som blir hevda.
Samstundes er det viktig å vere ærleg på at når ein etablerer seg i område der det allereie ligg – eller er planlagt – viktige samferdselsårer, så må ein også ta høgde for at utvikling og endringar kan kome.
Samtidig gir denne løysinga eit betre grunnlag for vidare utvikling enn dagens situasjon.
Trafikksikkerheit må vektleggast
Trafikksikkerheit må tilleggjast stor vekt – og her kjem A2 klart best ut.
Løysinga legg til rette for gang- og sykkelveg og gir ein tryggare kvardag for mjuke trafikantar.
Alternativa gir ikkje dei same moglegheitene, og vil i praksis føre til at fleire må bruke dagens løysingar – som ikkje er tilstrekkeleg trygge.
Ei løysing for barnefamiliar og kvardagsliv
På Bjørvikstranda er det fleire unge familiar i etableringsfasen med små barn.
For desse handlar vegvalet ikkje berre om biltrafikk – men om ein trygg kvardag.
Tilgang til skule, barnehage og fritidsaktivitetar krev trygge løysingar. Ei samanhengande gang- og sykkelveg vil ikkje berre betre tryggleiken, men også knyte bygda tettare saman i kvardagen.
Best løysing for tungtransport
Det blir hevda at andre alternativ er betre for tungtransport. Det stemmer ikkje.
Ei kortare og betre løysing gjennom A2 vil redusere både transporttid og kostnader – og vere meir miljøvennleg.
I dag går mykje av trafikken via Sande på grunn av dårleg vegstandard. Dette viser behovet for ei betre løysing.
Eit val som bind oss for framtida
Vegvalet vi tek no, vil legge føringar for utviklinga i fleire tiår framover.
Vel vi feil, kan det bli både vanskeleg og kostbart å rette opp seinare.
Eg har forståing for at ulike traséval vil opplevast ulikt for dei som blir direkte råka. Samstundes finst det ikkje ei løysing utan ulemper.
Eit val for heile regionen
For alle som bruker fv. 57 mellom HAFS-regionen og Førde, framstår A2 som det beste valet.
Det er den kortaste løysinga, den mest samfunnsøkonomiske, den mest trafikksikre – og den som best legg til rette for framtidig utvikling.
No håpar eg politikarane i Sunnfjord tek eit kunnskapsbasert og framtidsretta val.
Vi har venta lenge nok – no treng vi ei løysing som tener heile regionen.
Reagerer på vegutspel frå Nistad: – Feil
Meiningslaust å bygge sambindingsveg utan gang- og sykkelveg
Ingar kan miste huset sitt: – Brua skal «lande» på tomta mi