Godt miljø, god bane: – Heilt fenomenalt
Plus
Eigersund Open var lagt opp som ei tre rundars turnering over to dagar.
Egersund Frisbeegolfklubb inviterte til turnering i Lunhulen på Hellvik i helga. Over 70 deltakarar samla seg på den lune 18-holsbanen, som mange meiner er ein av dei flottaste i Rogaland.
Hovudtyngda av spelarane kom frå Sandnes- og Stavanger-området, men enkelte hadde reist endå lenger for å kasta frisbee i dei vakre omgivnadane.
Rundt 15 dalbuar var med, og blant dei var Daniel Lea Sollid, som bur i Egersund. Solli er ein entusiastisk spelar, som har drive med frisbeegolf i fire år. Han trener fire-fem gonger i veka. På vinterstid inkluderer opplegget trening innandørs – i gymsalen på Eigerøy skole.
Topp tre i kvar klasse:
Godt miljø
Daniel Lea Sollid er full av lovord om miljøet i klubben.
– Heilt fenomenalt, seier han.
Sjølv om banen kanskje ligg litt avsides til, held han til gjengjeld høg kvalitet, ifølgje Sollid.
– Det er ein kjempebane. Det er ein liten, teknisk bane i perfekte omgivnader, rosar han.
Plass til alle
Styreleiaren i Egersund Frisbeegolfklubb, Daniel Eriksen, fortel at klubben er tufta på dugnad og har fokus på inkludering.
– Me har det gøy, og det betyr lite om du er erfaren eller ikkje. Me har plass til alle, seier han.
Klubben opererer ikkje med faste treningstider, men inviterer til «vekegolf» på tysdagar.
– Då kan alle koma og vera med. Det høyrest kanskje litt skummelt ut, men ein plass må jo folk begynna, forklarer styreleiaren.
Sjølv om frisbeegolf primært er ein individuell sport der det handlar om å få ein god score, er klubben òg i gang med pargolf der to og to speler på lag.
– Det gjer kanskje terskelen for å vera med litt lågare, meiner Eriksen.
Han understrekar at ein ikkje treng å ha forkunnskapar for å delta.
– Me tar imot med opne armar, lovar han.
Rogalandscup
Banen i Lunhulen blir mykje brukt, og Eriksen er glad for å sjå engasjementet.
– Parkeringsplassen er full store delar av dagen. Det er kjekt å sjå at banen blir brukt, seier han.
Turneringa i helga var det første arrangementet i ein ny rogalandscup, der klubbane tar arrangøransvaret på omgang.
– Me skal prøva å samarbeida meir. Det er frykteleg mange gode frisbeespelarar i Rogaland, konstaterer Daniel Eriksen.