Vangskoret på besøk hjå naboane sine i vest
Plus
Torsdag den 9. april sette 50 songarar kvarandre stemne i Lærdal. Lærdal songkor inviterte Vangskoret med på kafékonsert i Storstova på Lærdalsøyri skule.
Lærdalskoret ynskte alle velkomne med ein svensk gånglåt, «Kom». Så gjekk det slag i slag med allsong og korsong frå begge kora, kvar for seg og saman.
Repertoaret var allsidig. Vangskoret song songar mellom anna av Ivar Medås og Evert Taube. Lærdal songkor song «Eg gløymer deg aldri» av Hellbillies, «Tenke sjæl» av Trond Viggo Torgersen, og «Brudemarsj frå Lødingen» av Halvdan Sivertsen.
Sidan våren er godt i gang i Lærdal, fann me fram vårstemninga i allsongane «No livnar det i lundar» og «Menuett i mai».
Vangskoret song blant anna «O klang och jubeltid», og «Under Paris himmel» som fikk størst applaus, også hadde dei òg med seg dyktige musikarar ved Elvira Rud, Alistair Peters og Marco Oggel som framførde tre musikkstykke på piano og saksofon.
Midt i konserten hadde me pause med kaffi, kaffimat og utlodding, så publikum og songarar både fekk stilla svolten, og stetta trongen til spenning!
Høgdepunktet for begge kora, og kanskje for publikum og, var fellesnummera; to av songane med to kor. «Rør ved meg no» vart dirigert av Marte Nordheim Grønvold, dirigent for Lærdal songkor og «Vår beste dag» dirigert av Elvira Rud, dirigent for Vangskoret i Valdres.
Før siste fellessong utveksla leiarane etande gåver frå Vang og Lærdal, og fortalde litt om samkvemmet mellom kora i dei to bygdene våre.
Alt i alt hadde me alle ein særs kjekk kveld. Dette var fjerde gong me møttest over Filefjellet, og dette er noko me vil halda fram med!