Herold

Handel og Kontor melder Felleskjøpet til politiet dersom dei held butikkane søndagsopne

Kilde: NRK Author: Vidar Eidhammer Published: 2026-04-12 06:15:19
Vil melde Felleskjøpet til politiet for søndagsopne butikkar

Fagforbundet Handel og Kontor vil melde Felleskjøpet til politiet dersom dei held søndagsope dei neste vekene. Kjeda seier kundane deira ønskjer dette og meiner det er fullt lovleg.

Saka oppsummert

  • Fagforeininga Handel og Kontor meiner Felleskjøpet bryt lova ved å halde søndagsopne butikkar.
  • Felleskjøpet forsvarar opninga med at kundane ønskjer tilbod på søndagar, spesielt for hageprodukt.
  • Handel og Kontor meiner butikkane ikkje kan definerast som hagesenter og varslar politimelding.
  • Dei tilsette i Felleskjøpet er lite positive til søndagsarbeid, sjølv med 100 prosent lønnstillegg.
  • Felleskjøpet meiner opninga er i tråd med regelverket og at dei ikkje vil selje varer retta mot gardsdrift.

Våren har så smått byrja å gjera seg gjeldande rundt om i landet, og med det kjem det mykje pusling med hage og hus.

Dette vil Felleskjøpet gjera butikk på, og vil halde 36 butikkar søndagsopne i tida framover.

– Dette er eit tilbod kundane våre har etterspurd. For mange nordmenn er søndagen den store hagedagen, og det er viktig for oss å kunne tilby våre produkt også på desse dagane, seier konserndirektør for butikk i Felleskjøpet Agri, Lasse Erik Moen, i ei pressemelding.

– Brot på lova

Ved Felleskjøpet i Åsane i Bergen møter NRK forbundsleiar Christopher Beckham i Handel og Kontor.

– Her står det tre pallar med stemorsblomar utanfor døra. Dette er ikkje eit hagesenter, seier han.

STEMOR: Dette er ikkje nok til å kalla seg eit hagesenter, meiner fagforeininga Handel og Kontor.

Hagesenter er blant dei som har unntak frå lovverket som seier at utsalsstader skal halde stengt på søndagar. Her er dei i godt selskap med til dømes små daglegvarebutikkar, bensinstasjonar, kunstgalleri og restaurantar.

KRITISK: Handel og Kontor og leiar Christopher Beckham vil melda Felleskjøpet til politiet dersom dei held søndagsope.

– Me meiner difor at Felleskjøpet vil driva ulovleg, dersom dei held søndagsope. Me kjem til å melda butikkar som har ope til politiet. Søndagar skal vera ein fridag for dei tilsette, seier Beckham.

Vil ikkje selja gardsutstyr

Moen i Felleskjøpet seier at opninga av butikkane skal vera i tråd med gjeldande regelverk.

Mellom anna skal ikkje butikkane tilby varer som er retta mot næringsdrivande og gardsdrift.

TILHENGARAR: Dette får du ikkje kjøpt på Felleskjøpet på søndagar.

– Men me veit at også mange bønder nyttar søndagen til hobbydyrking og hagestell, og at det er slike varer me sel mest av i helgehandelen, skriv Moen i ei pressemelding.

I Åsane seier hovudtillitsvald i LO-utvalet i Felleskjøpet, Elisabeth Slethaug Nilsen, at ingen av dei tilsette der ønskjer å jobba søndagar.

– Blomar er absolutt ikkje det me sel mest av, seier ho.

VIL IKKJE JOBBA SØNDAGAR: Elisabeth Slethaug Nilsen seier dei tilsette helst vil ha fri på søndagar.

Etter planen skal dei tilsette jobba kvar fjerde søndag, fortel Nilsen.

– Det vil bli kompensert med 100 prosent tillegg. Det er det einaste positive i denne saka, seier ho.

🏷️ Extracted Entities (12)

Felleskjøpet Agri (person) Kontor (entity) Fagforbundet Handel (organization) Arbeidsliv og sysselsetting 📁 (category) Elisabeth Slethaug Nilsen (person) Næringsliv 📁 (category) Søndagsåpne butikker 📁 (category) Christopher Beckham (person) Lasse Erik Moen (person) Åsane (entity) Bergen (entity) LO (entity)

📊 Metadata

Category: Arbeidsliv og sysselsetting, Søndagsåpne butikker, Næringsliv
OpenGraph Title: Handel og Kontor melder Felleskjøpet til politiet dersom dei held butikkane søndagsopne
Twitter Title: Handel og Kontor melder Felleskjøpet til politiet dersom dei held butikkane søndagsopne