Datasenter på Husnes?
Plus
Om ei veke skal formannskapet i Kvinnherad ta stilling til om kommunedirektøren skal få fullmakt til forhandling og mogleg sal av tomt til eit datalagringssenter på Husnes. Naturvernforbundet meiner det er grunn til å stille kritiske spørsmål til dette:
1. Stort straumbehov – større press på natur?
Korleis vil eit datalagringssenter på Husnes påverke vidare press på straum og kraftutbygging/utbygging av linjenett i og rundt kommunen? Datalagring er enormt kraftkrevjande og vil legge beslag på mykje nettkapasitet. På Husnes har me allereie Hydro, som treng mykje straum. Kan eit datasenter bli ein konkurrerande industri? Vil det etter kvart bli stilt krav om meir utbygging for å kunne oppretthalde begge industriane? Kva skal me i så tilfelle velje å bygge ut? Kor mange fleire linjer og kraftutbyggingar skal me ha? Kvinnherad har allereie bidrege mykje til nasjonal energiproduksjon og dermed også omfattande naturtap.
2. Arbeidsplassar
Det blir ofte i saker om etablering av datasenter kome med store lovnadar om mange arbeidsplassar. Ofte viser det seg at dette berre gjeld i etableringsfasen, og ikkje i vidare drift. I 2023/24 var det 648 fulltidstilsette i datasenterindustrien i Noreg (Kjelde: The-Norwegian-Datacenter-Industry-2023-2024-report.pdf), inkludert innleigd arbeidskraft. Det var i 2025 totalt 104 datasenter i Noreg (Kjelde: Registrerte datasenteroperatører og datasentre - Nkom). Kor mange arbeidsplassar vil eit datasenter på Husnes skape når etableringa er ferdig?
3. Kva slags datasenter, og til kven?
Selskapet som ønskjer å kjøpe tomt er eit lite selskap frå Tysnes/Stord. Kven skal drive datasenteret? Kva data er det snakk om? Skal selskapet leige ut/selje vidare til globale, kommersielle selskap, som Tiktok og Google, eller bidra til lagring av nasjonale, samfunnskritiske data?
4. Er dette rett prioritering?
Er det sjølvsagt at Kvinnherad kommune ønskjer datasenter på Husnes? Er det dette me skal prioritere i den grøne næringsparken, eller bør dette bli ein større diskusjon om prioritering av andre aktuelle næringar? Finst det betre alternativ, med fleire arbeidsplassar, lågare natur- og klimaavtrykk eller større lokal verdi?
Naturvernforbundet håpar anten at saka blir stemt ned, eller løfta til open politisk debatt i kommunestyret etter drøfting i formannskapet. Dette er ikkje ei sak der ein bør gi ei forhasta fullmakt, når så mange spørsmål står utan svar.