Her tek førehandsfavoritten seg tid til å feira for publikum: – Ein må jo showa litt
Plus
Sindre Solbakken Omvik var suveren i det nye Trioløpet laurdag.
Når Sindre Solbakken Omvik stiller til start i eit løp i Kvinnherad, står det «favoritt» med usynleg skrift på den kvite Gular-singleten hans.
Og sjølv om den høgreiste og lettbeinte karen frå Omvikdalen har fått deler av vinteren øydelagd av ein vond fot, var han ein klar førehandsfavoritt også før premiereutgåva av det fem kilometer lange Trioløpet laurdag.
– Det er ti år sidan eg tapte eit lokalt løp, og eg satsar på at det blir ti år til neste gong også, smilte Omvik etter å ha passert målstreken.
Han klokka i mål etter fem kilometer på tida 15:42, og vart med det suverent raskast av dei 106 løparane som stilte til start.
– Du børsta litt støv av skuldra då du feira over mål?
– Ja, ein må jo showa litt, ler han og held fram:
– Det var enormt mange som stilte til start, det er heilt enormt kult å sjå. Eg sprang Søralløpet i 2019, trur eg det var. Og då var vi ikkje mange. Så det er ekstremt gøy å sjå kva som har skjedd på den tida.
Til Kvinnheringen før løpet sa Omvik at han hadde planar om å levera eit løp på 15-talet.
– Sånn sett leverte eg, men det var ikkje noko god tid. Eg sprang kontrollert heile vegen, og så pressa eg på mot slutten. Det blei ei god gjennomkøyring, men det er vanskeleg å få ei skikkeleg god tid i den vinden som var. Dei siste tre kilometerane var i kraftig motvind, seier han.
På kvinnesida var Bente Hellevik frå Husnes suveren. Ho sprang i mål på tida 20:25, og slo med det Eline Bekkesletten frå Stord med nesten eitt minutt.
Hildegunn Håland vart nummer tre, medan 14 år gamle Amalie Sundal Utne frå Rosendal sprang inn til ein imponerande 4. plass.
Sjå heile resultatlista her, og eige resultatliste for kvinner og menn under.
Men sjølv om det var Sindre og Bente som tok dei gjævaste plassane, var det mange vinnarar i laurdagens løp. Stor bildeserie frå løpsfesten kjem på Kvinnheringen laurdag kveld.
Resultat alle 106 deltakarane:
Resultat kvinner:
Resultat menn: