– Det er tydelegvis dagen for bråtebrenning
Plus
Tre bråtebrannar har denne laurdagen kome ut av kontroll. No er alle sløkt.
Det stadfestar vaktkommandør Frode Eide hos 110-sentralen Vest.
Det brann i terrenget både på Bryggja i Stad, Robjørgane i Stryn og på Sanden i Lærdal. Alle brannane kom som følgje av bråtebrenning.
Det var aldri ikkje fare for verken menneske eller bygningar nokon av stadane, sa vaktkommandør Shahrooz Lahooti hos 110-sentralen Vest i halv eitt-tida og la til:
– Det er tydelegvis dagen for bråtebrenning.
Frode Eide ber folk tenke seg om før ein fyrer opp bål laurdag. Nokre stader er det ustabil vind.
Kva er bråtebrenning?
🏷️ Extracted Entities (9)
Frode Eide
(person)
Vest
(entity)
Bryggja
(entity)
Lærdal
(place)
Robjørgane
(entity)
Sanden
(entity)
Shahrooz Lahooti
(person)
Stad
(place)
Stryn
(entity)