– Nå er det vårløysing – då ser me kva vinteren har herja med
Plus
Med ei totalramme på 30 millionar kroner skal pendlarstrekninga mellom Drangedal og Lunde få seg ei oppgradering.
Det er stykket mellom Gongetoppen og 2,5 kilometer nedover mot Kjeldal på fylkesveg 3310 det er snakk om. Her er det både humpete og smalt.
– Me er ute og ser på litt detaljar. Nå er det vårløysing. Då ser me kva vinteren har herja med, seier byggeleiar i Telemark fylkeskommune Bjørn Egil Strandskogen.
Får full sympati: – Men det har også vært ei påkjenning
Naudsynt med masseforsterking
På ein heilt vanleg onsdag morgon på veg til jobb i Drangedal møtte underteikna på to gule refleksjakker i vegkanten oppover mot Gonge. Er det politi, eller kan det vera ettersøkskorps som ser etter påkøyrd vilt? Tankane for gjennom hovudet då den morgontrøytte journalisten prøvde å kalkulere ut dette uvanlege synet langs den smale og svingete vegen opp til Drangedalsheia. Jommen stod det ikkje Telemark fylkeskommune på bilen i vegkanten! Då var det bare å få svinga inn til sida sjølv og høyre kva for noko spanande desse to karane heldt på med.
– Bestillinga vår i dag er å utbetre vegen og forsterke den innanfor kvitstripa, seier Strandskogen og kontrollingeniør Jan Terje Lohne.
Ei masseforsterking i grunn er heilt naudsynt for å bukt med humpane på vegstrekninga. Det er løyva 30 millionar kroner i totaltramma. Dette skal dekke mellom anna byggherrekostnadar, moms og eventuelle grunnerverv (om det blir naudsynt å gjera noko utanfor den kvite stripa).
– Me er ute og ser på moglegheitene for forbetringa av vegen. Vegkroppen skal forsterkast, seier Strandskogen.
Bryter loven på flere punkter: – Det er alvorlig
Myr og berg under vegen
– Me skal utbetre vegen og få opp levetida til vegbanen, seier Strandskogen og Lohne.
Nokre av områda der vegen ligg er myr og andre stadar ligg berget oppi dagen i vegbanen.
– Planen er å lage anbodspapir i løpet av mai månad, seier Strandskogen.
Ny giv på Voje camping: – Blir lysere, triveligere og mer liv