Herold

Tokt nummer to til U-864 er suspendert: – Vêret blei for dårleg

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-04-10 15:08:07
Tokt nummer to til U-864 er suspendert: – Vêret blei for dårleg

Kva som skjer vidare må Kystverket vurdere først.

– Det har vore dårleg vêr i ein lang periode. Til slutt konkluderte vi med at det ikkje såg ut til å betre seg på ei stund. No er toktet suspendert.

Det seier senior kommunikasjonsrådgjevar i Kystverket Kristin Marthinsen Ballantine til NH.

Det var det andre toktet som skulle ned til ubåtvraket av U-864 utanfor Fedje. Målet var å gjere undersøkingar av lasterom, kvikksølvlasten og vraket. Det var subsea-selskapet Reach Subsea som skulle utføre toktet på vegne av Kystverket.

Toktet var opphavleg planlagt for tysdag 24. mars.

I ei pressemelding frå Kystverket skriv dei at langvarig dårleg vêr har gjort det naudsynt å avbryte operasjonen.

At toktet er suspendert inneber at Kystverket må gjere nye vurderingar av vegen vidare - om det blir eit tokt til eller ikkje.

– Det er status per no, seier Ballantine.

Ville skaffa nyttig og viktig informasjon

Det er altså enno ikkje avklart kva som blir neste steg i prosessen.

Toktet ville skaffa viktig og nyttig informasjon for framtidige arbeidsoperasjonar rundt U-864.

– Kystverket vil kome tilbake med meir informasjon når vegen vidare er vurdert, heiter det i pressemeldinga.

Men sjølv om toktet no er suspendert, fortel Ballantine at det ikkje berre var forgjeves:

– Arbeidet med førebuingane som faktisk blei gjennomførte gav nyttig kunnskap.

Dette styrker grunnlaget for vidare vurderingar og endelege tiltak ved vraket.

Samstundes er det framleis usikkerheit knytt til tilstanden på kvikksølvbehaldarane. I tillegg er det gjennomført parallelle aktivitetar som vil bidra til å gje eit meir realistisk bilde av kostnadane knytt til eit endeleg tiltak, ifølge Kystverket.

🏷️ Extracted Entities (4)

Kystverket Kristin Marthinsen Ballantine (person) U-864 (entity) Fedje (entity) Reach Subsea (person)