Herold

Er lokalpatriotar på sin hals: – Frykt ikkje, vi kjem tilbake

Plus
Kilde: NH Author: Kasper Valestrand Published: 2026-04-10 21:57:35
Er lokalpatriotar på sin hals: – Frykt ikkje, vi kjem tilbake

Med massiv støtte på sidelinja gav nesten resultatet seg sjølv. Dessverre for Kvernbit forsvinn den største supportergruppa deira om berre ein knapp månad.

– Vi kjem frå plassar rundt om i landet der vi heier på lokallaga våre. Så då må vi gjere det same når vi er her.

Det er enorm stemning på sidelinja på Fossemyra fredag kveld. Kvernbit har sin første kamp i årets sesong mot Arna-Bjørnar 2. Og då er det heilt naturleg at fansen stiller opp. Men den store supportergruppa på sidelinja er ikkje som andre tilhengarar av heimelaget.

Midt blant dei over hundre jublande medlemmene av grupperinga står Hogne Melstveit-Vigre og Juni Ropstad. Til dagleg er dei elevar ved Nordhordland Folkehøgskole. Fredag kveld er dei massive supportarar av Kvernbit.

Dei har blitt lokalpatriotar. Og det på sin hals.

– Det har jo noko med å vere ein stor gjeng som det vi er her. Det gjer heiinga mykje gøyare.

Slik såg det ut då elevane marsjerte til kampen.

Heiagjeng 1

– Bringar folk saman

Folkehøgskulen hadde på førehand annonsert at dei skulle sende ein stor delegasjon til årets første seriekamp.

Men då spelarane stod klare på banen klokka 19:30 i matchen mot Arna-Bjørnar 2 var det ingen elevar å sjå. Forklaringa til det var heilt naturleg.

Det viser seg at det er sant det som blir sagt om at ingen duger til noko utan mat og drikke. Elevane måtte rett og slett gjere ferdig middagen sin.

– Vi hadde fredagspizza, så den måtte vi ete, ler Melstveit-Vigre og Juni Ropstad.

Folkehøgskuleelevane trur at turen til Fossemyra fredag kveld var viktig. Elevane ved skulen kjem frå ulike plassar i landet, men på Frekhaug kan dei vere samla om eit lag: Kvernbit.

– Fotballen bringar folk saman!

Fornøgd ekspert

Dei siste åra har Kvernbit opplevd store høgder, men og djupe dalar. I 2024 rykte laget opp i 4. divisjon, før dei så i fjor ramla ned att til 5. divisjon.

Året i år handlar på mange måtar om å finne tilbake til opprykksforma frå to år sidan.

Matchen mot Arna-Bjørnar 2 fredag kveld kunne ikkje ha starta betre for Kvernbit. Det såg ut til at støtta frå sidelinja gav dei ekstra krefter. I alle fall i starten av kampen.

Med to mål tidleg i første omgang verka det heile komfortabelt for heimelaget.

– Den første halvtimen spelar dei utruleg sterkt, sa NH sin fotballekspert David Flatøy etter dei første 45 minutta.

Må skryte av motstanden

Flatøy meiner at problema til Kvernbit oppstod det siste kvarteret av omgangen. På kort tid sette bortelaget inn to mål og det stod 2–2 til pause.

Før kampen spådde Flatøy at laget frå Fossemyra kom til å vinne komfortabelt mot laget som hamna på midten av tabellen i fjorårets sesong.

Men kampen blei ikkje så komfortabel som han hadde spådd.

Fotballeksperten meiner heimelaget var uheldige mot slutten av den første omgangen. Samstundes må han skryte stort av det Arna-Bjørnar fekk til framfor mål.

– Dei har nokon veldig gode enkeltspelarar som kan avgjere slike kampar.

Sjå supporterane juble.

Heiagjeng 2

Gav ikkje opp

Spelarane gjekk dukknakka inn i garderoben til pause. Kvernbit hadde mista kontrollen over kampen.

Betre skulle det ikkje bli då bortelaget sette inn 2–3 like etter pause. Det såg ut som om heimelaget skulle gå på eit tap i sin første kamp for sesongen.

Men så snudde det.

Like etter at dei hadde fått smellen i fleisen, sette Kvernbit inn utlikninga til 3–3.

Etter det var det Kvernbit som tok over spelet meir og meir. 4–3 kom midt i omgangen og like etter stod det 5–3. Etter det fortsette festen og heimelaget gav seg ikkje før på 7–3.

Lovar å komme tilbake

Etter kampen møter NH ein fornøgd Steve Elde. Kvernbit-trenaren kan puste letta ut etter å ha vunne sin første seriekamp som hovudtrenar for klubben frå Holsnøy.

Særleg nøgd er han med at spelarane stod kampen heilt ut. Kondisjonen var heilt på topp i møte mot laget frå Arna.

Samstundes må Elde skryte av støtta frå sidelinja frå elevane ved folkehøgskulen.

– Det einaste problemet med dei var at dei heia så høgt at spelarane mine nokre gonger ikkje kunne høyre meg når eg skreik til dei.

Elde må nyte støtta så lenge han kan. Dessverre for Kvernbit har årets elevar ved skulen sin siste dag for året om berre ein månad.

– Det er trist å slutte, innrømmer Juni Ropstad.

– Men frykt ikkje, vi kjem tilbake. Neste år kjem det eit nytt kull og skal heie fram laget, slår Hogne Melstveit-Vigre fast.

Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/matchFacts/1/3232665/?theme=light&height=800

🏷️ Extracted Entities (11)

Kvernbit (entity) Arna-Bjørnar (entity) Fossemyra (entity) Hogne Melstveit-Vigre (organization) Juni Ropstad (person) David Flatøy (person) Steve Elde (person) Arna (entity) Frekhaug (entity) Holsnøy (place) Nordhordland Folkehøgskole (person)