Herold

Trafikkulykke ved Holmemarka

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-04-11 09:06:45
Trafikkulykke ved Holmemarka

Naudetatane er på staden.

Naudetatane rykte laurdag føremiddag ut til ei trafikkulykke på Rosslandsvegen ved krysset på Holmemarka.

Det skal vere snakk om ein front mot frontkollisjon mellom to bilar.

– Ambulanse ser til dei to personane som er involvert, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord, klokka 11:08.

Bilbergar arbeider på staden.

Alle personane skal ha kome seg ut av køyretøya.

Politi og brannvesen er no på staden og handterer situasjonen.

Avisa sin reporter på staden, melder klokka 11:20 at bilane køen i området er i ferd med å løyse seg opp.

Politiet oppretter sak. Dei mistenker at ein av bilistane har brote vikeplikta.

🏷️ Extracted Entities (4)

Holmemarka (entity) Bjarte Rebnord (person) Rosslandsvegen (entity) Vest (entity)