Herold

Mann tiltalt – kasta hund på sjøen frå åtte meters høgde i Bergen

Kilde: NRK Author: Laurita Fure Briceño Published: 2026-04-10 17:01:22
Basse vart kasta på sjøen: – Svært traumatisk

På ein luftetur i Bergen kasta ein framand mann hunden utfor eit rekkverk og åtte meter ned i sjøen.

Saka oppsummert:

  • Ein mann i 20-åra er tiltalt for å ha kasta ein hund på sjøen frå ei høgd på åtte meter.
  • Hunden, ein elleve år gammal Shetland sheepdog, kjempa for livet i det kalde vatnet i 25 minutt før han vart redda av brannvesenet.
  • Hendinga framstår som uprovosert, og det var ingen relasjon mellom gjerningspersonen og hundeeigaren.
  • Hunden overlevde, men vart påført smerte, stress, frykt og kulde, og eigarane veit ikkje kva langtidseffektar hendinga kan få.
  • Politiet meiner saka er spesiell og viktig for å setje presedens i saker om dyremishandling.
  • Mannen er tiltalt for brot på dyrevelferdslova og straffelova.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

No er mannen i 20-åra tiltalt for brot på dyrevelferdslova.

Det var om kvelden 20. februar at ein mann var på tur med sin elleve år gamle Shetland sheepdog på Georgernes verft i Bergen sentrum.

Då skal ein framand mann ha kome bort og etter kvart plukka opp hunden, bore den mot gelenderet og kasta den ut i sjøen – frå ei høgde på om lag åtte meter. Operasjonsleiar i Vest politidistrikt opplyste den same kvelden at den framande mannen først skal ha trua hundeeigaren. – På eit tidspunkt mista meldar kontroll på hunden sin og den truande mannen tok då tak i hunden og kasta han på sjøen. Politiet rykte ut og har kontroll på mistenkte, skreiv operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Kjempa for livet i 25 minutt

No endar altså saka i retten.

– Det er ei spesiell sak, seier politiadvokat Inger Helen Stenevik i Vest politidistrikt. Det var fjære og veldig kaldt vatn den kvelden, opplyser Stenevik.

– Hunden hadde inga moglegheit til å svømme til land og kome seg opp, så det var flaks at det var fjære slik at han klarte å klamre seg fast i ein stein.

Den vesle hunden på ti kilo var i det kalde vatnet i om lag 25 minutt, før brannmannskap kom Basse til unnsetning.

Samstundes hadde mannen leita etter hunden sin, og frykta det verste.

– Heldigvis rykte brannvesenet ut i båt for å redde han. Hundeeigaren hadde jo leita og trudde at han hadde drukna, seier Stenevik.

Basse kom frå det med livet i behald. Men han vart påført både smerte, stress, frykt og kulde, står det i tiltalen.

Då han vart funnen var han synleg kald og hadde blåmerke på buken.

Hundeeigarane er informerte om at NRK omtalar saka og har godkjent bruk av bilde.

Dei opplyser at Basse har det bra etter forholda, men at dei ikkje veit kva eventuelle langtidseffektar hendinga kan gi.

Mannen som var ute og lufta hunden skildrar hendinga som svært traumatisk.

Framstår som uprovosert

Ifølge politiadvokat Stenevik var det ingen relasjon mellom dei to mennene.

– Det var den tiltalte mannen som tok kontakt med den fornærma. Og utan nokon grunn til å gjere det, så tok han hunden og heiv han på sjøen.

Hundeeigaren tok straks kontakt med brannvesenet. Politiet rykte også ut til hendinga og fann gjerningspersonen i området.

Han er no tiltalt etter dyrevelferdslova paragraf 37, for å utøve vald mot eit dyr og sette det i ein hjelpelaus tilstand.

Eigarane opplyser at Basse har det bra etter forholda, men veit ikkje noko om kva konsekvensar hendinga kan ha på lang sikt.

I tillegg er han tiltalt etter straffelova paragraf 343 for å ha tatt noko som tilhøyrer andre og påført dei tap eller ulempe.

Tiltalte har vore i avhøyr, men Stenevik kan så langt ikkje kommentere korleis han forklarar seg.

Mannen sin forsvarar Kathrine Liland seier at ho ikkje har fått saksdokumenta, og heller ikkje har fått prata med den tiltalte enno. Ho har difor ingen kommentar til korleis han stiller seg til saka.

– Viktig sak å få ein dom i

Politiet ser stadig saker der det blir utøvd vald mot hundar og andre dyr innanfor familierelasjonar, eller mot ville dyr i det offentlege.

Men denne saka er annleis.

– At nokon tek hunden til ein annan person som er ute på tur, og gjer alvorleg vald mot den. Det er ikkje vanleg.

Stenevik meiner saka kan få betydning for framtidige hendingar.

– Det er ei viktig sak, og det blir ein viktig dom. Sånne saker er viktig allmennpreventivt.

Ifølge lova er det spesielt klanderverdig å utøve vald mot dyr eller sette dei i hjelpelaus tilstand.

🏷️ Extracted Entities (13)

Inger Helen Stenevik (person) Basse (entity) Dyremishandling 📁 (category) Krim og hendingar i Vestland 📁 (category) Bergen (entity) Shetland (place) Vest (entity) Georgernes (place) KI (entity) Kathrine Liland (person) Knut Dahl-Michelsen (organization) OpenAI (entity) Operasjonsleiar (entity)

📊 Metadata

Category: Dyremishandling, Krim og hendingar i Vestland
OpenGraph Title: Mann tiltalt – kasta hund på sjøen frå åtte meters høgde i Bergen
Twitter Title: Mann tiltalt – kasta hund på sjøen frå åtte meters høgde i Bergen