Herold

Slutt for ein av Noregs eldste TV-tradisjonar – siste Lotto-trekking på NRK laurdag

Kilde: NRK Author: Henrik Einangshaug Published: 2026-04-11 14:15:27
Slutt for lang TV-tradisjon: Laurdag er siste Lotto-trekking på NRK

Etter 40 år er det slutt. Denne helga blir den siste Lotto-millionæren kåra på NRK.

Saka samanfatta:

  • Etter nesten 40 år blir den siste Lotto-trekninga på riksdekkande TV sendt laurdag 11. april.
  • Lotto-trekningane vil framover bli publiserte på Norsk Tippings nettsider og app.
  • Både NRK og Norsk Tipping har fått få negative reaksjonar på endringa.
  • Norsk Tipping vil fokusere på å vidareutvikle trekningane i eigne digitale kanalar, men utelukkar ikkje ein retur til lineær-TV i framtida.

Lotto-sendinga frå Hamar har vore eit fast innslag på NRK sidan 1986.

Laurdag 11. april rullar ballane for aller siste gong på riksdekkande TV.

– Lotto har vore eit fast innslag på NRK i nærare 40 år. Opp gjennom åra har ho vore ein naturleg del av laurdagskvelden for mange, seier TV-sjef i NRK, Jan Egil Ådland.

I lang tid gjekk Lotto-sendinga på NRK1. Dei siste månadene har sendinga gått på NRK 2.

Få klager

Sjølv om ein 40 år lang TV-tradisjon forsvinn frå skjermen, har klagene frå publikum vore få, ifølgje Ådland.

– Vi har berre fått fem klager på nedlegginga så langt, og med tanke på dei millionane som nyttar NRK sitt tilbod, får vi seie at det er til å leve med.

TV-sjef i NRK, Jan Egil Ådland.

Lotto-sendinga har blitt kjøpt inn av NRK, og vil føre til ei lita innsparing. Kor mykje vil ikkje Ådland seie.

– Kva skal inn når Lotto-trekkinga forsvinn frå skjermen?

– Programma blir ikkje erstatta med anna spesifikt innhald, men det blir gjort mindre justeringar i sendeskjemaet på NRK2.

Nye tidspunkt

Når trekkinga forsvinn frå skjermen, markerer det også starten på ein ny, digital kvardag for Norsk Tipping.

Dei skal vise trekkingane på sine nettsider og i appen.

– I første omgang blir det dei fire same programleiarane som vi har i dag, seier lotteri- og trekkingsansvarleg i Norsk Tipping, Ingrid Roterud Mathisen.

– På kort sikt gjer vi berre små justeringar på sjølve sendinga, der den største skilnaden blir kor dei blir publiserte.

Ingrid Roterud Mathisen er blant dei som har hatt æra av å ringe heldige Lotto-millionærar på laurdagskvelden.

Når sendingane forsvinn frå TV, vil det også bli nokre endringar i tidspunkta for sendingane.

  • Extra blir sendt klokka 19.00 på tysdagar
  • Vikinglotto/Joker blir sendt kokken 21.00 på onsdagar
  • Lotto/Joker blir sendt klokka 20.00 på laurdagar

Lotto på NRK:

    1. april 1986 sende NRK den aller første Lotto-trekkinga. Ingen personar fekk sju rette tal i trekkinga.
  • Den siste trekkinga på NRK skjer 11. april 2026.
  • Over 8000 personar har vorte norske Lotto-millionærar i tida Lotto har vorte send på NRK.
  • NRK kunngjorde 15. januar 2026 at dei avsluttar samarbeidet med Norsk Tipping. Dette grunna eit mindre behov for den typen innhald.
  • På det meste såg over ein halv million sjåarar trekkinga på NRK. Etter at sendinga vart flytta til NRK2 i mars 2025, har sjåartalet lege i snitt på rundt 30.000 sjåarar per trekking.

Til liks med NRK, har også Norsk Tipping opplevd få reaksjonar etter det blei kjend at sendingane blir fjerna frå TV-skjermen.

– Dei førespurnadene som har komme til nå, har i hovudsak vore bekymringar frå dei av kundane som ikkje er digitale i dag, seier Roterud Mathisen

– I tillegg har vi nokon som liker sendingane godt og som synest det er vemodig at dei ikkje kan sjå trekkingane på TV lenger.

Ho er førebudd på at det kan komme nokre fleire reaksjonar nå.

Ferdig på TV?

Sjølv om Lotto-sendingane forsvinn frå TV-en for denne gongen, stenger dei ikkje døra heilt for lineær-TV.

– Det kan vere aktuelt på sikt. Nå er første prioritet å få vist trekkingane på ein god måte i våre eigne kanalar.

– Vi vil jobbe vidare med å auke spele- og trekkingsopplevinga ytterlegare i eigne kanalar, og dessutan å vurdere andre alternative flater.

🏷️ Extracted Entities (11)

Lotto (entity) TV (entity) Norsk Tipping (organization) Jan Egil Ådland (person) Ingrid Roterud Mathisen (person) Innlandet 📁 (category) Norge 📁 (category) Norsk Tipping 📁 (category) NRK2 (entity) Hamar (entity) NRK1 (entity)

📊 Metadata

Category: Norsk Tipping, Innlandet, Norge
OpenGraph Title: Slutt for ein av Noregs eldste TV-tradisjonar – siste Lotto-trekking på NRK laurdag
Twitter Title: Slutt for ein av Noregs eldste TV-tradisjonar – siste Lotto-trekking på NRK laurdag