Herold

Dramatisk tilstand for fylkesvegar i Vestland

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Jørgen Lie Kjøndal, Vaksdal Næringsselskap Published: 2026-04-09 14:58:08
Dramatisk tilstand for fylkesvegar i Vestland

Kvar fjerde fylkesveg i Vestland toler ikkje dagens aksellast. For Vaksdal kan dette få alvorlege konsekvensar for næringslivet og for dei som nyttar vegane i kvardagen.

Ei sak om «Avvik mellom tillaten aksellast på fylkesvegane og faktisk bereevne – konsekvensar» vart denne veka lagt fram for fylkeskommunen til politisk handsaming, der vidare handsaming skal skje i slutten av månaden. Bakgrunnen for dette er omfattande bereevnemålingar på fylkesvegnettet, frå 2023 til 2025.

Fylkesdirektøren si utgreiing danna grunnlaget for ei større sak i BA, publisert 1. april 2026. Tala er skremmande: 1 av 4 fylkesvegar i Vestland toler ikkje dagens tillatne akseltrykk på 10 tonn. Dette omfattar store delar av vegen frå Dale til Bergsdalen (og vidare innover), og nesten heile vegen frå Stamnes til Eksingedalen og vidare til Gullbrå. Vaksdal er difor særs hardt råka av dette.

Kart over fylkesvegar

Kva konsekvensar kan det gje? Det har historisk blitt gjeve for lite pengar til utbetring og vedlikehald av vegane, og no er det eit enormt etterslep. Ein konsekvens av dette kan etter kvart vere å redusere tillaten aksellast på enkelte strekningar. Det vil sei at ein kan nekta nokre lastebilar og bussar å ferdast på desse vegane, anten delvis under dårlege vêr og førehald eller, i verste fall, heile tida.

Dette vil gjera det meir tungvint å frakte varer og utstyr på vegane våre, meir kostbart og i verste fall – gå kraftig ut over næringsdrivande i fleire bransjar. I nokre tilfelle, der det er mogleg, må ein velje alternative ruter. Det aukar utslepp og gjer endå meir slitasje på vegane.

Administrasjonen i fylkeskommunen har bede politikarane jobba vidare med dette som ei eiga sak, då omfanget er så stort og omfattar kommunar over heile Vestland. Vaksdal Næringsselskap er medlemmar av Næringsalliansen Vestland, som inneheld næringsråd og næringsforeiningar over heile fylket. Det er i dette samarbeidet me har kome med ein felles uttale til fylkeskommunen om dette temaet, og med ei oppmoding om at Vestland fylkeskommune brukar meir statlege midlar på fysisk vegutbygging i heile Vestland. Prioriteringane inn mot komande budsjett- og økonomiplanperiode kan ha store positive eller negative konsekvensar for næringslivet i fylket vårt, alt etter kva ein vert einige om.

Vaksdal Næringsselskap har stilt seg bak oppropet til Næringsalliansen, og kjem til å støtta vidare arbeid mot tryggare vegar i fylket vårt og spesielt i kommunen vår.

For Vaksdal Næringsselskap, dagleg leiar Jørgen Lie Kjøndal

🏷️ Extracted Entities (9)

Næringsalliansen Vestland (organization) Vaksdal Næringsselskap (person) BA (entity) Bergsdalen (entity) Dale (entity) Eksingedalen (entity) Gullbrå (entity) Jørgen Lie Kjøndal (person) Stamnes (place)