Hærverk på grensa til miljøkriminalitet
Plus
LESARINNLEGG: Eg har mange fine minne frå turar i Herfindalen, naturskjønt og roleg, med fuglesong og elvesus. Er eg ekstra heldig tittar det fram ei ugle, ein hjort eller ein rev.
Det er vakkert her, ein plass å finne ro i sjela.
No har eg nyleg vert på påskeferie i Herfindalen og det som møtte meg på veg opp har skaka meg. Inngangen til barndommens rike har vore utsett for hærverk. Her er det ikkje orkanen Dave, men stormen Vaksdal kommune som har vore på ferde. Det har skjedd hærverk på grensa til miljøkriminalitet.
Tre med opne sår, kvesta, kvistar som er knekt, alt slenger OVERALT. Den naturskjønne vegen er totalt ØYDELAGT!
Kommunestyret, med mitt eige parti i spissen, har i fleire år kjempa for biologisk mangfald, fjerning av miljøgifter og skånsam kantklypp på kommunale vegar. Vi har bedt kommunalsjef sette i verk skulering, og vi har bede om fleire metodar og andre ressursar for miljømessig og trygg forvaltning av naturen i Vaksdal – og den som er i vegkantane. Lite eller ingenting skjer.
På toppen av Herfindalen har private hytteeigarar rydda skog så fint og ordentleg, utan å skade naturen eller omgivnadene.
Forbi det estetiske, handlar det om å ta vare på nærnaturen vår. Dette gjeld ikkje berre i kamp mot vindturbinar, vasskraftanlegg eller bruk av miljøgifter. Det handlar òg om korleis vi skal ta vare på våre nære rekreasjonsområde i stort. Det handlar om å bruke naturen med respekt. Det handlar om turar med borna dine utan å vere redd for at markjordbæra i vegkanten inneheld glysofat. Og det handlar om å kunne sjå forskjell på Selje og Furu etter kantklyppen.
I kort handlar det om å kunne skilje forvaltning og hærverk.
Line Kydland, kommunestyrerepresentant for SV i Vaksdal