Den djupaste av sitt slag: Sjøkabelen over Fensfjorden er klar
Plus
Statnett er tydeleg på kor viktig den nesten 8 kilometer lange kabelen er. Den sørger for at overføringa av straum frå den eine til den andre sida av fjorden blir dobla.
Spesiell i verda
Industrien er avhengig av trygg og sikker kraftforsyning.
Samstundes har mykje av kapasiteten på dagens kraftnettet vore reservert. Med andre ord har det vore vanskeleg å få meir ut av det eksisterande nettet til meir forbruk.
Men no blir det lettare for industrien i området vårt å få tak i meir kraft.
Fredag opna det som vil kunne auke forbruket i heile Bergensregionen: Ein 7,7 kilometer lang sjøkabel over Fensfjorden er sett i drift. Den doblar kapasiteten for overføring av straum frå den eine til den andre sida av Fensfjorden.
Hos utbyggar Statnett er dei meir enn nøgde med at prosjektet står ferdig.
– Vi er veldig fornøgde med at kabelforbindelsen er på plass og sett i drift. Det er innanfor planlagde kostnadar og avtalt framdriftsplan, seier prosjektleiar Karin Ryssdalsnes i ei pressemelding.
Fensfjorden-prosjektet inngår i ein områdeplan for Bergensregionen og Haugalandet i Rogaland. Planen er å bygge ut kapasiteten i eksisterande anlegg og kraftsystem. Det gjer at dei raskare legg til rette for auka forbruk og nye kundar, enn om dei skulle sett opp eit heilt nytt nett.
Sjøkabelen som er på plass er ein del av ein kraftkabel som går frå Haugsvær i Masfjorden til Mongstad.
Det spesielle med den 7,7 kilometer kabelen over Fensfjorden er at den ligg på særs djupt vatn.
– Kabelforbindelsen ligg ned mot 530 meter under overflata, noko som gjer den til den djupaste av sitt slag i verda, seier prosjektleiaren for prosjektet.
I alt har kostnaden på kabelen frå Masfjorden til Alver vore ein stad mellom 480–640 millionar kroner.