Klart for det andre Strondaløpet – no òg med barneløp
Plus
Laurdag 18. april blir det løps- og turfest i Fatlandsskogen på Halsnøy.
Arrangør Fatland Vel lovar løyper som passar til alle, anten du er liten eller stor, vil spasera, springa eller bruka løype tilrettelagd for rullestol.
– Nytt denne gongen er eit barneløp med same startpunkt som Strondaløpet. Barneløpet er eit miniskogsløp på 300 meter i ei lita sløyfe i Fatlandsskogen, fortel løpsgeneral Kjell Rune Asmervik.
I samband med barneløpet har han ei oppmoding:
– Då vil det vera kjekt om folk går inn i løypeområdet og heiar fram ungane som deltar. Og etter målpassering kan ungane fortsetja rett fram i premiebua – alle borna får medaljar uansett om dei er med på løp eller tur, lovar Asmervik.
Deltakarar med rullestol vil elles kunna få handikap-parkering nær startområdet.
Heien har bestetida
Då det 7,6 km lange skogsløpet «Strondaløpet» hadde premiere i fjor vår, var Johannes Heien den raskaste med tida 32:18. I Kvinneklassen vann Bjørg Emmerhoff på tida 45:37.
– Dei tre beste i herre- og kvinneklassane blir premierte med gåvekort og ikkje minst Strondaløpet sine unike medaljar av lokal bjørk. Vidare får alle deltakarane i konkurranseklassane medaljar og premiar.
– Løping er i vinden og me håpar det kjem mange deltakarar, inkludert nokre som vil prøva å ta tida til Heien, utfordrar Asmervik som vedgår at han sjølv ikkje har heilt klart å nærma seg Heien-nivå.
Løpsekstremist Heien hadde dette å seia etter sigeren i fjor:
– Det var ei fantastisk løype her ute i dag. Ei løype der det eigentleg var om å gjera å vera så nær å falla som mogleg for å få det til å gå raskast mogleg. Og eg fall ganske kraftig, men det gjekk fint.
På spørsmål om han skal delta i Strondaløpet i år, svarar Heien at han har lyst, og kjem til å delta om han får logistikken til å gå opp.
Allsidig mosjonsfest
Turgåarar kan velja mellom mange ulike løyper med ulike distansar. Vil du ta det heilt piano, kan du velja å gå skadefritt til kafeen og heller bli andpusten av triveleg prat.
– I år vil me skapa litt merksemd rundt den lengste rundløypa på 11 kilometer. Den tar 2,5 til tre timar og er no ekstra godt merka før tur- og løpsfesten 18. april. Rundløypa går via Sydnes og heilt til Skiftesnes, lokkar Asmervik.
Denne lengste løypa har det vore jobba med i tre år.
– Men det er mogleg å velja mange andre og kortare distansar til turgåing.
Blir tradisjon
Asmervik slår fast at mosjons- og løpsfesten Strondaløpet er komen for å bli.
– Det er faktisk ei vidareføring av Strondaleikane som vart arrangert i mange år fram til for nokre tiår sidan, poengterer Asmervik.
Han legg til at på arrangørsida har Fatland Vel også med folk frå det nedlagde Halsnøy orienteringslag og Kvinnherad orienteringslag. Elles vil også Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps vera på plass i samband med skogsløpet.
Barna var heiagjeng då pappa vann løpet: – Ei fantastisk løype
Sjå bilde frå Strondaløpet