Eit slag for nederlaga
Plus
Til hundreÄrsjubileet rykka Bryne ned og Viking tok gullet. à tola nederlag er den jÊrske identitet i eit nÞtteskal.
Hugsar du dÄ det var gratis Ä koma inn i andre omgang?
DĂ„ klokka framleis hang over klokkesvingen?
DĂ„ kiosken likna ein utedo?
DÄ du kjende alle pÄ Store stÄ, for det var jo berre dei same folka som gjekk pÄ kampane?
Hugsar du dÄ alle snakka om at Bryne hadde vore sÄ gode fÞr i tida, uminneleg langt tilbake i tid, hadde vunne kÞppen og greier?
For oss som vaks opp dÄ, etter den sÄkalla storheitstida pÄ 80-talet, var det ikkje noko me heilt kunne tru pÄ.
Var dette slakke laget me sÄg pÄ anna kvar sundag ein gong sÄ gode at dei vann alt?
Nei, det var umogleg, Bryne plar jo tape mot ByÄsen!
Det blir fest og show med gamle og nye helter
Og sjÞlv om det kanskje var sant det dei sa, at me hadde ei historie Ä sjÄ tilbake pÄ, sÄ var det dette her, Ä gÄ gratis inn pÄ stÄtribunen i andre omgang, Ä spytta snus og kasta brusflasker medan me tapte, det var det som var Bryne.
Hugsar du mennene i B-gjengen som stod midt pÄ stÄtribunen? Barske, brisne bÞnder med bart og skjegg som me var litt redde for, men som av og til grÄt.
Og sjÞlv om det var surt Ä sjÄ endÄ eit tap, mot ByÄsen til dÞmes, sÄ var det berre sÄnn det var.
Me forventa ikkje anna, me tolte det. Eg trur iallfall det. Eller var det berre det at det var like sÄ kjekt Ä spytta snus og kasta brus nÄr det gjekk mot tap endÄ ein gong?
For kva anna kunne me venta oss av ein heimekamp pÄ Bryne stadion?
Einar Braut, joda, han hugsar jo alle.
Men hugsar du Caleb Francis og Dejan Pavlovic?
Og hugsar du han venen din som sa at kvar gong han gjekk pÄ kamp, sÄ tapte Bryne.
Neste gong blei han ikkje med, sÄ dÄ vann me.
Hugsar du at han eine gitaristen i Kaizers alltid stod bakarst pÄ Store stÄ og ropte?
Kaizers eksisterte ikkje enno, men du «kjende» han likevel, for han var jo ein av dei som pleidde Ä gÄ pÄ kampane, nett som du.
Og hugsar du alle dei som sa dei skulle bli noko, som endÄ ikkje har blitt noko, dei som flytta frÄ JÊren og som forsvann, dei som fall ifrÄ og dei som aldri sÄg seg tilbake?
Mange av dei hugsar Bryne framleis berre som dette: Eit lag som pleier Ă„ tapa, i ei bygd omgitt av kyr og jorder.
Hugsar du dÄ me var ballgutar i kÞppen mot VÄlerenga, dÄ det pÞsregna og alle ville stÄ nÊrmast John Carew, og ein av dei ivrigaste lagkameratane dine sklei pÄ oppstillinga pÄ midtstreken sÄ heile stadion lo.
Hugsar du at tida stod stille, medan den no berre gÄr raskare og raskare?
Kor er det blitt av klokka i svingen?
Kva tid endra det seg?
Ei gong var pauseunderhaldninga bÄde fantastisk og heilt elendig.
Eg hugsar at dei heiste opp ein bil med kran, berre for Ă„ sleppe den rett ned med snuten fĂžrst.
Kva dei ville demonstrere med det, anar eg ikkje.
Kva i all verda kan det ha vore for noko?
Hugsar du dÄ folk pÄ Bryne ikkje snakka noko sÊrleg om stjernene dei hadde avla fram?
Hugsar du dÄ ein kameratgjeng starta eit nytt lag pÄ slutten av vidaregÄande, at dei klarte Ä raske saman nok folk til Ä stable pÄ beina eit lite 7-er lag, fekk registrert Bryne junior 3 (eller var det 4), meldt det inn til serien. Ingen hadde spelt fotball pÄ mange Är, nokon aldri, og alle rÞyka badla fÞr kampen i staden for Ä varme opp?
Tvillingane var ogsÄ med, som pÄ den tid hadde lik sveis sÄ det var umogleg Ä sjÄ forskjell pÄ BjÞrn og Frode. Eg hugsar det godt, for eg var keeperen og me tapte kvar kamp 15-0 eller 16-0.
s
Ja, det er mykje Ä hugsa pÄ nÄr ein ser seg tilbake.
Og nei, det er ikkje alt ein kan eller skal hugsa pÄ. Og alle hugsar kanskje berre det eine: Si eiga tid. Og sine eigne forteljingar om klubben. Og ja, det er lett Ä glÞyme seg nÄr ein blir hundre Är.
Det er lett Ä glÞyme kva denne klubben ein gong har vore, nÄr ein skal sjÄ framover. NÄr ein skal stake ut ny kurs og har fÄtt det for seg at ein vil bli proff, fÄ akademi, prÞva Ä yppa seg med dei beste.
Det nye Bryne skal peisa pÄ, byggja hÞgare og stÞrre, gje gass og sopa i hop og grava vidare, raskast mogleg.
Ja, dÄ er det fort gjort Ä glÞyma seg, og Ä bli skatteflyktning i same slengen, glÞyma av fellesskapet som har avla deg fram, heia deg fram, jobba dugnad for laget ditt.
Ja, det er mykje som er fort gjort nÄr ein glÞymer at laget er alt som er rundt. At stadion ein gong lÄg litt i utkanten, med tre og gras rundt i staden for plastikk og blokker. Og ja, det er bittert Ä rykke ned det Äret ein har hundreÄrsjubileum, at Viking tek gullet, og ja, det er surt Ä late som alt gÄr bra nÄr ein stadig taper mot ByÄsen. Eller Ranheim som det jedna blir i Är.
Men kanskje er det nett sÄnn me har blitt dei me er. Kanskje det er nett dÄ me har funne vÄr greie pÄ JÊren, den som gjer at ein aldri gjev opp, at ein jobbar vidare i motvind og regn, sjÞlv om det er fÄnyttes, sjÞlv om ein ikkje ventar seg noko stort.
For nÄr ein ikkje er best lenger, dÄ mÄ ein ta det som det er, og det er nett dÄ ein kan begynne Ä minnast tilbake pÄ det ein har vore med pÄ, pÄ si eiga storheistid med klubben, dÄ det var stort Ä hÞyra til, sjÞlv om det berre var Ä kasta brus og spytta snus medan me tapte endÄ ein heimekamp. For nÄr ein vinn, lÊrar ein noko om kva ein vil ha, men nÄr ein tapar, hugsar ein kva ein set pris pÄ, kva det er verdt Ä ta vare pÄ.
Om det er trofe, titlar og pengar, eller om er det minne og folk. Og kanskje du ikkje treng sÄ mykje meir enn det nett dÄ; minne og folk.
NÄr klubben ikkje er best i noko meir, dÄ er det kanskje like sÄ greitt Ä tenka at Bryne er pÄ veg tilbake der me pleier hÞyra heima?