Herold

Når me står i krevjande val, treng me kvarandre

Plus
Kilde: Hordaland Author: Martin W. Kulild, rådmann i Voss herad, Voss Published: 2026-04-09 13:44:21
Når me står i krevjande val, treng me kvarandre

Engasjementet rundt utviklinga av Voss herad er stort.

Det ser me i debattar, i møte mellom folk og i spaltene i avisa Hordaland. Mange bryr seg om korleis me organiserer tenestene våre og kva retning lokalsamfunnet skal ta vidare. Det er i seg sjølv eit styrketeikn. Når viktige spørsmål vert diskuterte, er det naturleg at me meiner ulikt.

Samtidig kan det av og til opplevast som om dei same diskusjonane kjem tilbake.

Nokon kallar det omkamp. Andre opplever at nye erfaringar gjer det nødvendig å løfta saka igjen.

Sanninga er gjerne at begge delar kan vere sant. Når endringar vert gjennomførte, vert også konsekvensane tydelegare over tid. Då kjem nye spørsmål, nye vurderingar – og nye samtalar.

Det er slik eit levande lokaldemokrati fungerer.

Men me kjem ikkje utanom realitetane. Kommunar over heile landet står i krevjande utfordringar. Tilgangen på kvalifisert arbeidskraft vert strammare. Samstundes aukar forventningane til kvalitet i tenestene. Innbyggjarane skal møta gode og trygge tilbod, og ressursane må brukast der behovet er størst. Samtidig må kapasiteten i tenestene våre vera tilpassa både økonomien vår og dei behova me faktisk har – i dag og i åra som kjem.

Dette gjer at omstilling ikkje berre er eit ord i ein plan. Det er ein nødvendig del av ansvaret for å ta vare på fellesskapet.

I den samanhengen har heradet bestilt ein ekstern gjennomgang av organisasjonen frå PwC. Føremålet er å få eit uavhengig blikk på korleis me er organiserte, korleis ressursane vert brukte og kvar det kan vera rom for endringar og innsparing. Ein slik gjennomgang vil naturleg nok også kunne innehalde forslag som handlar om struktur og organisering av tenester.

  1. april kjem rapporten frå PwC, og me veit at delar av rapporten vil innehalda tiltak som alt har vore gjenstand for politisk debatt i nær fortid.

Rapportar tek ikkje avgjerder. Det gjer folkevalde. Men gode avgjerder krev kunnskap, open diskusjon og vilje til å sjå fleire sider av ei sak. Også å kunna sjå på vedtekne saker og planer på nytt.

Samtidig må me vera ærlege om noko: Politisk handlekraft i slike spørsmål kan vera krevjande. Endringar som er nødvendige på papiret, kan vera vanskelege når dei får konkrete konsekvensar for menneske og lokalsamfunn. Difor tek slike prosessar ofte tid. Det er ein del av demokratiet – men det gjer også at me må vera førebudde på å stå i krevjande samtalar over tid.

I slike prosessar er det lett å tenkja at endring først og fremst gjeld andre. Men skal me lukkast med omstilling, må me alle vera villige til å sjå på eigne løysingar, eigne strukturar og eigne prioriteringar. Det gjeld både administrasjon, politikarar, tilsette og oss som innbyggjarar.

Samtidig må me ha respekt for at folk ser saka frå ulike ståstader. Tilsette sit ofte med viktig fagkunnskap og erfaring frå kvardagen i tenestene. Politikarar må vurdera heilskap, prioriteringar og ansvar for fellesskapet. Innbyggjarar opplever konsekvensane av avgjerdene i kvardagen sin.

Alle desse perspektiva har verdi.

Difor treng me eit ordskifte der målet ikkje først og fremst er å vinne debatten, men å forstå meir av kva som faktisk står på spel. Me må kunne vera usamde – og likevel lytta til kvarandre.

Skal me lukkast med dei vala som ligg framfor oss i Voss herad, treng me nettopp dette: eit lokalsamfunn som toler usemje, men som også held fast ved viljen til å snakka saman.

For dei beste løysingane kjem sjeldan når éin part vinn diskusjonen. Dei kjem oftast når fleire perspektiv får brytast mot kvarandre – og me er villige til å læra noko undervegs.

Dette er formannskapsmodellen i praksis og det vårt demokrati har vore tufta på i snart 200 år. Velkomen til respektfull og opplysande debatt – så konkluderer politikarane våre saman.

Drøfta hard rapport: – Me har ikkje god nok kjennskap til butikken

Ordføraren tok oppgjer med sine eigne: – Me innfrir ikkje, og når ikkje dei måla me har sett oss

Seier nei til den store skulen i sentrum: – Ikkje på ynskjelista til nokon Sjå kva firma rådmannen har engasjert for å gå gjennom drifta til Voss herad

🏷️ Extracted Entities (3)

Voss (entity) PwC (entity) Sjå (entity)