Herold

Det er grovt urimeleg at den jamne jærbu må sponse ei lågare nettleige for Green Mountain

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Nils Martin Sikveland, kommunestyrerepresentant for Time Senterparti Published: 2026-04-10 07:28:57
Det er grovt urimeleg at den jamne jærbu må sponse ei lågare nettleige for Green Mountain

Under «nabolagsmøtet» til Green Mountain på Undheim spurde eg om kva Green Mountain må ut med i nettleige. Svaret var at dei betalar det same som oss andre. Det har eg vondt for å tru.

Green Mountain møtte nabolaget med lovnad om 100 faste jobbar

Tek ein utgangspunkt i Lnett si prisliste for bedrifter, finn ein at Green Mountain betalar mykje mindre enn vanlige folk. Berre for februar månad åleine hadde dei sloppe unna med omlag 10 millionar mindre i nettleige, enn om dei hadde same vilkår som meg og deg. Der den vanlege forbrukar vert straffa med høgare nettleige om ein brukar mykje straum, får Green Mountain ein gigantisk rabatt.

Vil busse inntil 600 arbeidere én mil til datasenteret

Green Mountain er mildt sagt ein storforbrukar av straum og nettkapasitet. Anlegget som nå er under etablering, vil med ei brukstid på 8000 timar årleg ha eit forbruk på 640 millionar kWh. Går ein ut frå at Green Mountain koplar seg på regionalnettet med «Nivå C-uttak», vil dei for ein typisk månad sleppe unna med ei nettleige på omlag 11 øre pr kWh, før avgifter. Mens eg, som ein vanleg forbrukar, i februar månad måtte ut med 33 øre pr kWh, før avgifter.

Datasenter-selskap kontakta idrettslaget for å tilby sponsing

Når ein samstundes veit at nyetableringar av datasenter utløyser store investeringar i nytt straumnett som felleskapet må betale, er det grovt urimeleg at den jamne jærbu i tillegg må sponse ei lågare nettleige for Green Mountain.

Datalagringssenter, Statnett og fordeling av strøm i markedet

Lokalt næringsliv i kø for å levere til datasenter-prosjektet

Skal ein i det heile byggja noko på Jæren, må dette vera ein passande plass

Stort internasjonalt selskap til Undheim: – Kunden kan ikkje få vera hemmeleg

Er dette opplegget noe vi stolt kan føre videre?

Ber Green Mountain betala for fullt utbygd høgdebasseng: – Dei treng å bygga tillit lokalt

Demokratiet er større enn partipolikken

🏷️ Extracted Entities (6)

Green Mountain (person) Undheim (place) Jæren (entity) Lnett (entity) Nivå C\-uttak (entity) Statnett (entity)