Herold

Bergensbanen var stengd etter straumproblem

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sverre Jervell Published: 2026-04-10 05:18:54
Bergensbanen var stengd etter straumproblem

– Gjennom undersøkingar av køyreleidningen har dei funne skadar fleire stader, seier Harry Korslund i Banen Nor.

Fredag morgon melder Vy at togstrekninga mellom Vaksdal og Arna er stengd.

Dette skuldast straumproblem.

– Du må rekna med forseinkingar, og at nokre tog kan verta innstilt, skriv Vy.

Vy jobbar med å ordna buss for tog på strekningen.

– Me har bestilt opp bussar som skal køyra pendel mellom Arna og Dale, seier Siv Egger Westin, pressevakt i Vy, til BA.

– Dei som skal ut med tog i morgontimane må rekna med buss for tog på deler av strekninga.

Mannskap på veg frå Voss

– Me har ei eller anna feil mellom Arna og Vaksdal, utan at eg kan seia noko om årsaka, seier Harry Korslund, pressevakt i Bane Nor.

Det var etter at eit tog passerte på veg til Voss at dei fekk ei kortslutning.

Han fortel at mannskap reiste frå Voss klokka 07.45. Dei er på veg for å undersøkja feilen og finna årsaka.

– Så eg kan ikkje seia noko om kor lang tid dette vil ta. Men kryssar fingrane for at det går raskt.

Avdekkja fleire skadar

Klokka 10.30 opplyser Korslund at mannskap er ute og undersøkjer det straumførande anlegget.

– Gjennom undersøkingar av køyreleidningen har dei funne skadar fleire stader. Dei fryktar at dei vil avdekkja fleire.

Han fortel at dei må gå systematisk til verk og jobbar seg framover på strekninga mellom Trengereid og Arna. Skadane vert utbetra etter kvart som dei vert oppdaga, men det er eit tidkrevjande arbeid.

– Det er for tidleg å seia kor lang tid dette vil ta, men om dei avdekkjer fleire skadar vil det ta tid.

– Snakkar me timar eller dagar?

– Vanskeleg å seia, men det er nok heller timar enn dagar.

Årsaka til skadane på anlegget er det for tidleg å seia noko om, opplyser Korslund i Bane Nor.

Klokka 11.03 melder Bane Nor at toga går igjen mellom Arna og Vaksdal.

– Toga køyrer, men det kan ta litt tid før dei er i rute. Du må difor rekna med forseinkingar, og at enkelte avgangar kan verta innstilt, melder Vy.

Smartembed for https://rtd.banenor.no/web_client/std?station=VOS&layout=portrait&content=departure¬ice=yes&header=no&page=

Avviklar venteliste på populært tilbod

Vossafirma vann oppdrag til 164 millionar

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Toga går igjen
Vaksdalposten · 2026-04-10 07:14:47 +
Arna BA Vaksdal Vy Bergen Dale Siv Egger Westin

🏷️ Extracted Entities (11)

Arna (entity) Harry Korslund (person) Vy (entity) Bane Nor (person) Voss (entity) Vaksdal (place) BA (entity) Banen Nor (person) Dale (entity) Siv Egger Westin (person) Trengereid (entity)