Herold

– Vi baserer ikkje besøkstala på cruiseturistar

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-04-09 05:50:18
– Vi baserer ikkje besøkstala på cruiseturistar

Nordfjordbadet AS ønskjer å oppklare fleire feilaktige og misvisande inntrykk før kommunestyret si behandling av bassengsaka i Måløy, seier styreleiar Martin Hagen.

Torsdag skal Kinn kommune bestemme seg for kva bassengprosjekt dei skal gå for i nordre del av kommunen. Signalbygget i Måløy sentrum, eller langt billegare Skaredammen på Raudeberg.

Basseng til 65 millionar vil konkurrere med Nordfjordbadet

Slik kan Nordfjordbadet bli

– Eit sentrumsnært badeanlegg vil styrkje Måløy som møteplass, skape meir aktivitet i sentrum og gjere byen meir attraktiv for både innbyggjarar, arbeidstakarar og næringsliv. På den måten er Nordfjordbadet ikkje berre eit bassengprosjekt, men eit konkret utviklingsgrep i tråd med det både innbyggjarane og kommunen sjølv peikar på som viktig framover: omstilling, attraktivitet og utvikling, seier styreleiar Martin Hagen i ei pressemelding.

Styret i Nordfjordbadet understrekar at dette ikkje berre er eit kommunalt prosjekt. Lokalt næringsliv har stilt opp med store bidrag, både gjennom finansiering og sterk støtte til prosjektet. 97 prosent av næringslivet i Måløy Vekst støttar Nordfjordbadet.

– Dette er eit prosjekt som næringslivet både trur på og bidreg til. Det seier mykje om kor viktig dette blir vurdert for utvikling, attraktivitet og rekruttering i regionen, seier Hagen.

– Ikkje basert på cruise

Nordfjordbadet understrekar at prosjektet er utvikla med tanke på å få breidde i bruk og eit robust driftsgrunnlag.

– Det er skapt eit inntrykk av at Nordfjordbadet i veldig stor grad har basert besøkstala sine på cruise. Dette er feil. Den grundige PwC-rapporten som kommunen sjølv henta inn og var med på å utarbeide i 2023, estimerer om lag 55.000 betalande gjester årleg ut frå lokal og regional etterspurnad og samanlikning med etablerte badeanlegg i regionen, seier Hagen.

Reiselivspotensialet kjem i tillegg til dette. Av eit anslag frå Måløy Adventure på 16.000–32.000 ekstra besøkande frå turisme, har dei lagt seg på det lågaste anslaget.

– Analysen frå Måløy Adventure fordeler seg på fleire segment: cruise, overnattingsgjester og helgeturistar, småbåtturistar, bubilar og sommartrafikk, og rundreisetrafikk og turoperatørar. Sjølv utan cruise ligg anslaget på 8.500–17.000 besøk årleg. Det viser at turistgrunnlaget er breitt og ikkje einsidig avhengig av cruise, seier han.

Samtidig skal ting jobbast vidare med, og det er mogleg dei vil gjere mindre justeringar og erstatte det med andre finansieringskjelder for å redusere risiko. Talgrunnlaget byggjer likevel på ein heilt reell vekst i turisme, understrekar Hagen.

Innsatsen Nordfjordbadet har lagt inn frå kommunen i prosjektet er eit bidrag på 50 millionar kroner.

– For dette kan ein få til eit stort og viktig samfunnsløft, poengterer han.

– Utsetting vil auke risikoen

Skavøypoll idrettslag har sendt brev til Kinn kommune med ønske om å få utsett bassengsaka, og viser til eit tredje bassengalternativ der det ligg føre eit ferdig utgreidd forprosjekt i regi av kommunen.

Nordfjordbadet på si side meiner saka er meir enn godt nok opplyst, og viser til at ein har to utgreidde prosjekt.

– Saka er allereie breitt opplyst. Administrasjonen har hatt møte med begge prosjekta, stilt oppfølgingsspørsmål til begge, bede om samanliknbare kostnadsoppsett og laga si tilråding. Å utsetje saka endå meir no vil i praksis berre skyve avgjerda framfor seg og gjere realisering vanskelegare.

Nordfjordbadet ønskjer også å oppklare påstandar om at Skaredammen skal vere blitt forskjellsbehandla i administrasjonen si vurdering.

– Det er feil. Vi hadde også eit grundig møte med administrasjonen, fekk spørsmål og problemstillingar til vurdering, og svara ut desse gjennom eit omfattande og oppdatert prosjektgrunnlag, mellom anna ein rapport på 27 sider. Administrasjonen bad oss mellom anna svare ut tekniske forhold, levere P85-kalkyle og svare ut andre punkt for samanlikning med Skaredammen, seier Hagen.

Gjennom hausten og vinteren har Nordfjordbadet vidareutvikla prosjektet med fleire konkrete grep for å redusere risiko, styrkje realismen og betre driftsgrunnlaget. Dette omfattar mellom anna å trekkje anlegget lenger inn på tomta i samråd med geoteknikar og grunneigar, justere hovudbassenget frå seks til fem baner, ta ut 5-meteren og arbeide vidare med tekniske løysingar, energiløysingar og P85-kalkyle saman med OPV Consulting og NTC Arkitekter. I tillegg er det gjort ytterlegare justeringar og presiseringar etter dialogen med administrasjonen.

Nordfjordbadet meiner også det er misvisande når sentrumstomta blir framstilt som den store risikoen i saka.

– Grunnforholda på sentrumstomta er undersøkte og vurderte, og geoteknisk vurdering tilrår pelefundamentering til berg. Samtidig ligg det inne totalt 23 mill. kr i kalkylane til å dekke kjøp, heving av tomt og pæling.

🏷️ Extracted Entities (11)

Martin Hagen (person) Måløy Adventure (person) Styret i Nordfjordbadet (organization) Skaredammen (entity) Kinn (entity) P85 (entity) Måløy Vekst (person) NTC Arkitekter (organization) OPV Consulting (organization) PwC (entity) Raudeberg (place)