Herold

Lastebil skada vifter i Gudvangatunnelen

Plus
Kilde: Firda Author: Cecilie Brendehaug Rysjedal Published: 2026-04-09 15:46:55
Lastebil skada vifter i Gudvangatunnelen

Vegtrafikksentralen stengde tunnelen som følge av dette. Tre timar seinare var tunnelen igjen open.

Like før klokka 17.30 torsdag vart Gudvangatunnelen pü E16 i Aurland stengd fordi ein lastebil med gravemaskin pü hengar fekk problem i tunnelen.

– Lastebil med hengar køyrer sakte i retning Aurland. Ver obs, køyr varsamt! stod det i første melding.

Like etter vart det meldt at lastebilen hadde stoppa.

Vest politidistrikt sende ein patrulje til staden.

– Vi snakkar med førar av lastebilen, og entreprenør undersøker tunnelen for eventuelle skadar, opplyste operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt klokka 18.24.

Like over klokka 20.00 seier politiet at dei er ferdige pĂĽ staden.

– Det blir oppretta sak. Det er fleire vifter som er trefte. Vegtrafikksentralen styrer vidare trafikkavvikling i tunnelen, seier operasjonsleiar Dahl-Michelsen.

Klokka 20.34 kjem trafikkoperatør Alberte Sherington med ei oppdatering til Firda:

– No var du heldig. Elektrikarane jobbar med å sikre viftene som er skadd, men vi har akkurat fått klarsignal på å ta i bruk følgjebil, seier han.

No blir det altsü følgjebil utover kvelden, men ikkje berre pü grunn av dagens hending.

– Mellom sjuande og tiande april skulle det vere tunnelvask uansett mellom klokka 20.00 og 06.00. Så følgjebil har allereie stått klar ei stund, men vi har ikkje fått klarsignal før no, seier Sherington.

🏷️ Extracted Entities (6)

Gudvangatunnelen (entity) Aurland (place) Knut Dahl-Michelsen (organization) Alberte Sherington (person) E16 (entity) Vest (entity)