Kraftig vasslekkasje nær bensinstasjon
Plus
Brannmannskap vart sendt til Reset i Førde, i høve ein større vasslekkasje nær ein ubemanna bensinstasjon. Lekkasjen stammar frå eit vassleidningsbrot.
– Vi fekk først meldingar om lekkasje på staden, frå det som først var trudd å vere diesel. Politet avventa til det kom meldingar frå brannmannskap som rykte ut, og det synte seg å vere vatn, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.
Han fortel at det er skildra som ein kraftig vasslekkasje, og at denne er i nærleiken av ein ubemanna bensinstasjon på staden.
Mogleg påkøyrsle
Det skal vere opplyst at det kan ha samanheng med ein skadd vassleidning eller hydrant.
– Det kan vere at hydranten er påkøyrd, men det veit vi ikkje. Det er ivertfall opplyst at det kjem vatn frå den, seier Rebnord.
Han fortel at brannvesenet er på staden og jobbar, og at poltiet framleis avventar med å reise til staden. Dette endrar seg om ein finn teikn til at hydranten er påkøyrd eller utsett for skadeverk.
10-15 meter vassprut
Vaktleiar ved 110 Vest, Tore Fanebust, kan billedleg stadfeste opplysningane frå naudetatkollegaen på operasjonssentralen.
– Ja, det var ei bra fontene! Vasspruten stod vel ein 10-15 meter opp i lufta! seier han.
– Var? Så det betyr at det er over no?
– Ja, brannmannskapet avsluttar no på staden. Teknisk på kommunen er der no, for å stenge av vatnet, seier Fanebust om lag klokka 07.20.
Fanebust stadfestar at dei første meldingane gjekk på at det mogleg kunne vere diesel, men at dette vart avkrefta raskt då dei fekk mannskap på staden.
Lekkasjen skal vere knytt til ein frittståande hydrant, ikkje direkte knytt til bensinstasjonen like ved.
Sjølv om det er snakk om store mengder vatn i høve lekkasjen, så fortel vaktleiaren at det tidleg vart klart at vatnet ikkje utgjorde nokon fare for den nærliggande bensinstasjonen eller anna infrastruktur.
– Det går eit avløp der, så det er kontroll på vatnet.
Brot på vassleidning
Etter kvart som det har blitt arbeidd på staden i morgontimane, er det funne ut at lekkasjen skuldast eit brot på ein vassleidning.
Skuldast vassleidningsbrot: – Det vert jobba iherdig her no