Anonym sykkelsamaritan betalte for å fikse den hærverkutsette sykkelen til Yossef (16)
Plus
I mars oppdaga Yossef eit sørgeleg syn då han tok ut lettmotorsykkelen sin frå vinterlagring. Nokon hadde klippa over alle kablane på sykkelen. Så kom hjelpa han aldri hadde sett for seg.
– Eg er så utruleg glad for å ha fått den tilbake igjen, seier Yossef Laroui til NH.
Han har nettopp trilla inn i nabolaget hans på Oteråsen i Knarvik etter at han køyrde motorsykkelen heim igjen frå reparasjon i Åsane.
Den siste månaden erkjenner han har vore ein kjenslemessig berg-og-dal-bane.
– Eg var lenge usikker på om eg kom til å få den reparert i det heile tatt.
Men det let seg gjere. Med hjelp frå heilt uventa hald.
Sjokkert og trist: Nokon gjekk inn i bua og øydela motorsykkelen
Fekk sykkelen vandalisert
I byrjinga av mars skulle Yossef hente ut lettmotorsykkelen frå vinterlagringa i bua utanfor huset. Han hadde gledd seg.
Sykkelen, ein KTM, hadde han spart opp til lenge. Han kjøpte den som 15-åring, og no som han endeleg var blitt 16 og vêret varmare, var tanken at han skulle ta førarprøven.
– Eg har dømt ein god del fotballkampar for å tene pengar, og så har mamma og pappa hjelpt meg ein del også, seier Yossef, og held fram:
– Eg har hatt lyst på lettmotorsykkel sidan eg byrja i åttandeklasse. Eg har alltid elska dei.
Men sykkelen ville ikkje starte. Trass i at batteriet var fullt og ladd.
– Endeleg var det klart for sesong. Eg skulle vaske sykkelen, men tenkte eg først skulle sjekke olja. Eg forsøkte å skru på sykkelen. Men den ville ikkje starte.
Då han undersøkte sykkelen såg han at problemet var mykje større enn han hadde trudd.
– Om du ser her, så hadde nokon kappa alle leidningane dei kunne kome til på heile sykkelen, seier Yossef og viser områda der vandalane slo til.
Beskjeden dei fekk då ein motorsykkelekspert kom innom for å sjå på skadene var at heile kabelnettet var øydelagt. Prislappen for å fikse det? 10-15.000 kroner.
– Det er ikkje pengar eg har og det er heller ingen som vil kjøpe den slik den står no. Dette er det kjipaste som har hendt meg, sa Yossef til avisa då.
Anonym sykkelsamaritan
Yossef vurderte til og med å selje skia sine for å få råd til å fikse sykkelen. Men det trong han ikkje.
Ut av det blå kom hjelpen.
– Det var akkurat som ein draum. Eit mirakel! seier mor Semia Hermes Laroui.
– Mamma fortalde meg då vi sat i bilen at det var nokon som hadde sagt at dei kunne betale for reparasjonen for meg. Gleda eg fekk då var heilt ubeskriveleg. Eg tenkte «Er dette sant?».
For plutseleg, mot slutten av mars, tok ein motorsykkelsamaritan kontakt med NH. Han insisterte på anonymitet, både i avisa og overfor familien, men tilbydde seg å betale for reparasjonen av lettmotorsykkelen.
Mannen kjende seg provosert og opprørt over både hærverket og uroa familien opplevde som følge av det.
NH formidla ønsket hans vidare til Semia og Yossef.
– Eg set utruleg stor pris på fyren, altså, seier Yossef.
– Eg skulle berre ønskje eg visste kven han var sånn at eg kunne gje han noko tilbake og takke han frå hjarta våre, seier Semia.
Dei to vitsar og ler om at dei ikkje veit kven sykkelsamaritanen er, og at dei nok kjem til å tenkje mykje på kven det kan vere framover.
Reparert
Det var verkstaden og MC-forhandlaren Ride Bergen som fiksa sykkelen til Yossef.
Dei tilsette hadde allereie fått med seg den trasige historia om hærverket på sykkelen hans frå før av, og var glade for å kunne hjelpe, fortel Yossef.
– Vi fekk en god pris også. Dei tok seg litt ekstra tid med den.
Heldigvis hadde verkstaden plukka frå kvarandre ein liknande sykkel tidlegare som dei kunne bruke litt delar frå for å fikse sykkelen hans.
– Vi trong ikkje høyre med dei kva som var status undervegs eingong. Dei oppdaterte oss, seier Semia.
Låser sykkelen inne
Etter hendinga kjem Yossef til å låse sykkelen inne i bua utanfor huset når han ikkje bruker han.
Denne er også kameraovervaka, og hærverket er meldt til politiet.
Familien har høyrt om saker der motorsyklar har blitt stole rundt i Vestland, men aldri om at dei har blitt utsett for hærverk utan vidare.
– Ein av mekanikarane som såg på sykkelen fortalde oss også at her har nokon brukt tid på å vandalisere sykkelen.
Dei skildrar opplevinga som ekkel, men trass i alt det negative så enda det godt:
– Det er utruleg godt å vite at det på ein litan stad som Knarvik er så mange som har så mykje medkjensle for kor vondt ein ungdom kan ha det når noko slikt skjer, seier Semia.
– Eg er kjempenøgd med å få tilbake sykkelen min. No skal eg få meg lappen, køyre og kose meg, seier Yossef og held fram:
– Eg hadde aldri tenkt meg at det skulle løyse seg på denne måten.
Avslutningsvis rettar både Semia og Yossef ein stor, ektefølt takk til den anonyme sykkelsamaritanen som betalte for reparasjonen.