Herold

Kven manglar tempo? Kven manglar spelarar? Kven tek steg?

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-09 13:21:41
Kven manglar tempo? Kven manglar spelarar? Kven tek steg?

Avisa Nordhordland sin fotballekspert, David Olsen FlatĂžy, er klar med sin analyse.

Fredag sparkast lokalfotballen i gang igjen. Vil Kvernbit reise seg etter det sure nedrykket? Og korleis blir lokaloppgjera mellom dei kvite, RadĂžy og Austrheim?

NBK hang lenge med i opprykkskampen i 4. divisjon, men mÄtte gje tapt pÄ mÄlstreken. Vil dei vere Ä rekne med i Är ogsÄ?

NBK: Manglar sentrallinja

– Klubben sin styrke er svĂŠrt gode treningar og gode haldningar i treningsarbeidet, inkludert solid frammĂžte pĂ„ treningane.

– Det svake punktet er at klubben manglar ei sentrallinje med faste spelarar og erfaring, samanlikna med fjorĂ„rets sterke sentrallinje med Christopher Veland, Ali Qasemi og Stian OlsbĂž – som kjem tilbake ut i sesongen. SjĂžlv med gode folk i dei rollene, er det ikkje gjort over natta Ă„ fĂ„ det til Ă„ fungera optimalt.

Nh-eksperten kjem ikkje utanom Andreas BĂže Snekkevik som laget sin X-faktor.

– Snekkevik har vore klubben sin X-faktor i ein tiĂ„rsperiode og stĂ„r med nĂŠrare 200 skĂ„ringar for A-laget i obligatoriske kampar. Han skĂ„rar jo nĂŠrast pĂ„ bestilling.

David Olsen FlatÞy trur NBK stoppar pÄ 3. plass i 4. divisjon, ein plass ned frÄ i fjor. Han spÄr at Nest Sotra og LyngbÞ tar dei to Þvste plassane.

NBK/Kvernbit: Saman er vi sterke?

NBK-kvinnene rykte ned igjen i 4. divisjon etter ein sesong i tredje. I Är har NBK og naboane frÄ Fossemyra slÄtt seg saman og gÄr no under namnet NBK/Kvernbit.

– Laget sin styrke er at dei har ein tropp med god dekning i dei fleste posisjonar, samtidig som NBK-spelarane har bra erfaring frĂ„ 3. divisjon, seier David FlatĂžy.

Han trur samanslÄinga ogsÄ kan vera det svake punktet.

– Garderoben kan fort bli splitta i ein Kvernbit- og ein NBK-del. HĂ„par relasjonane kjem tidleg pĂ„ plass.

– Samtidig er laget skadeutsett, t.d. med veteranen Karina Hþvik som er ute for sesongen.

FlatĂžy framhevar to spelarar som laget sin X-faktor.

– Ronja Holm-Livden er eit ungt talent som har fĂ„tt med seg ein kamp for Arna-BjĂžrnar sitt damelag i fĂžrsesongen. Ho har signert mange mĂ„l i vinterserien. Eit spennande talent som vi har tru pĂ„.

Eira Lien Austgulen er eit anna ungt talent, ein mÄlfarleg spelar som blir spennande Ä fÞlga denne sesongen, seier Nh-eksperten.

Plassering: Topp 3

Kvernbit: Manglar fart og tempo

Kvernbit mÄtte ta den tunge vegen ned til 5. divisjon etter fjorÄrets sesong.

– Klubben har ei veldig god sentrallinje – med ei hardtarbeidande midtbane og eit forsvar som begynner Ă„ kjenna kvarandre. Klubben har ogsĂ„ spelarar som klarar Ă„ skapa noko pĂ„ eiga hand.

– Samtidig er det eit lag som manglar fart og tempo, og kan fort bli straffa for det i mĂžte med raske angriparar, slik vi sĂ„g eksempel pĂ„ i fjorĂ„rssesongen.

– Angrepstrioen mĂ„ trekkast fram som Kvernbit sin X-faktor. Adrian RĂžd Jensen kan absolutt fĂ„ sitt gjennombrot i Ă„r.

Plassering: 2. plass.

FlatĂžy reknar med at LĂžv-Ham kjem til Ă„ cruisa gjennom sesongen.

RadÞy: Noko Ä bygga vidare pÄ

– Klubben sin styrke er det gode kollektivet, som kom klart til uttrykk dĂ„ laget etter ein sterk haust klarte Ă„ halda seg i 5. divisjon. Her er noko Ă„ bygga vidare pĂ„.

– Det som ser ut til Ă„ vera RadĂžy sitt svakaste punkt er den store skadeproblematikken. Laget manglar ogsĂ„ spelarar som kan skapa noko pĂ„ eiga hand. Som ein Sander Rath, som har vore ein X-faktor og storskĂ„rar i mange sesongar, men som no er langtidsskadd.

– Klubben sin X-faktor denne sesongen er den gode garderobestemninga og kulturen som dei klarar Ă„ skapa, med assistenttrenar Marius Valdersnes i spissen.

Plassering: 7. plass i 5. divisjon.

– Eit par plassar opp frĂ„ i fjor og pĂ„ plassen framfor naborival Austrheim

Austrheim: Unge som tek steg

Austrheim gjorde turen tilbake til 5. divisjon raskast mogleg. David FlatĂžy framhevar heimebana som laget si sterkaste side.

– Austrheim tar klart flest poeng pĂ„ heimebane. Positivt ogsĂ„ at klubben fĂ„r fram talentfulle ungdomane, som no har tatt nye steg.

– Austrheim har liten breidde i troppen, og det er laget si svake side. Trenar Roald Sletten har fĂ„ spelarar som han kan setja inn i ulike posisjonar. Roald Sletten har fĂ„tt bra struktur i laget, men slit med at for mange av spelarane er skiftarbeidarar og ikkje kan vera med pĂ„ alle treningar og kampar.

Nh-eksperten framhevar Ebrima Touray som laget sin X-faktor. Lynvingen vart ramma av alvorleg sjukdom under siste kamp i fjor, men er meldt Ă„ vera i god trening og har spelt fleire kampar i vinterserien.

– Raske Touray kan bli avgjerande for Austrheim.

Plassering: 9. plass.

Masfjord/Gulen: Skift til besvĂŠr

Laget leverte solide saker i delar av vÄrsesongen, men det rakna litt etter kvart. Masfjord/Gulen sleit nemleg med forfall til ein del kampar og stilte sjeldan med toppa lag pÄ grunn av spelarar i skiftarbeid. Ein skotte som var knytt til Havforskinga pÄ Matre fekk vist sine kunstar og signerte ein del mÄl. Men gjesteopphaldet hans er over.

Andre lokale lag i same 6. divisjonsavdeling er NBK 2 og Kvernbit 2.

– Her er omtrent halvparten andrelag, og det er alltid ein usikker faktor. Ein veit aldri kva mannskap dei stiller med til kvar kamp. Men det er ingen tvil om at bĂ„de NBK2 og Kvernbit2 Ăžnskjer opprykk, for Ă„ ha ein god utviklingsarena og gje unge talent betre kamptrening pĂ„ eit hĂžgare nivĂ„, seier David FlatĂžy.

LindÄs: Er dei gamle framleis eldst?

Laget sin styrke er at dei har ekstremt mange gode spelarar og mykje erfaring. Eit lag som kan klinka til med mange mÄl i 7. divisjon nÄr dei er fulltalig.

– Men det svake punktet er at mange av spelarane har skiftarbeid og hadde mange forfall i kampane i fjor.

– LindĂ„s sin X-faktisk er at klubben har fĂ„tt fleire gode spelarar frĂ„ Kvernbit sitt 3. lag, som ikkje er med i serien i Ă„r. Vi trur ikkje minst lynvingen Petter Thorgersen frĂ„ Kvernbit 3-laget, kjem til Ă„ skapa mykje trĂžbbel. Dessutan er veteranane Kristian AndĂ„s og Yngve NjĂžten «still going strong».

– For mykje forfall til at det kan bli opprykk. Resultata i vinterserien og treningskampar har ikkje har vore sérleg gode. Mellom anna tapte mannskapet til trenar Ørjan Bongom mot Nordre Holsnþy.

Alt i fÞrste serierunde 18. april brakar det laus mellom Nordre HolsnÞy og LindÄs i Leirdalen.

Berre to veker til starten pÄ det store eventyret

đŸ·ïž Extracted Entities (33)

Kvernbit (entity) Austrheim (place) David Olsen FlatÞy (person) David FlatÞy (person) Ebrima Touray (person) Nordre HolsnÞy (person) RadÞy (place) Trenar Roald Sletten (person) Adrian RÞd Jensen (person) Ali Qasemi (person) Andreas BÞe Snekkevik (person) Arna-BjÞrnar (entity) Christopher Veland (person) Eira Lien Austgulen (person) Fossemyra (entity) Havforskinga (entity) Karina HÞvik (person) Kristian AndÄs (person) Kvernbit2 (entity) Leirdalen (entity) LindÄs (place) LyngbÞ (entity) LÞv-Ham (entity) Marius Valdersnes (person) Matre (entity) NBK2 (entity) Nest Sotra (person) Petter Thorgersen (person) Ronja Holm-Livden (organization) Sander Rath (person) Stian OlsbÞ (person) Yngve NjÞten (person) Ørjan Bongom (person)