Herold

Køyrde feil: Fekk hjelp av politiet etter ti timar

Plus
Kilde: NH Author: Synne Grimen Hammervoll Published: 2026-04-09 13:54:53
Køyrde feil: Fekk hjelp av politiet etter ti timar

Ein eldre mann enda med å køyra rundt i Nordhordland i ti timar etter å ha køyrt feil.

– Det var ein eldre herremann oppi 80-åra frå bysida som i går føremiddag skulle køyra mopedbilen til Åsane. Han køyrde feil og hamna her ute, fortel politioverbetjent Kurt Inge Hordvik.

Mannen skal ha køyrd rundt i Nordhordland i ti timar utan å vita kvar han var.

– Heldigvis hadde kona sporing på han. Ho ringde politiet som kom og hjalp han.

Elbilen, som nesten var tom for straum, vart parkert i Knarvik. Mannen vart henta og køyrd heim.

Hordvik understrekar at sjølve køyringa til mannen ikkje var noko problem.

– Han køyrde fint, me fekk ingen meldingar på det. Han berre fann ikkje ut kvar han var.

🏷️ Extracted Entities (4)

Nordhordland (place) Knarvik (place) Kurt Inge Hordvik (person) Åsane (entity)