Herold

Kommunar har halde milliardsum om kjernekraft hemmeleg

Kilde: NRK Author: Asgeir Heimdal Reksnes Published: 2026-04-07 17:26:30 Last updated: 2026-04-08 08:59:52
Kommunar har halde milliardsum om kjernekraft hemmeleg

Fleire norske kommunar har saman med eit privat selskap lagt ein plan for Ă„ tene milliardar.

PÄ ei rÞys av sprengt stein stÄr ordfÞraren i Austrheim Morten Sognnes (H).

– Dette omrĂ„det her ligg heilt ypparleg til rette for kjernekraftverk, seier han.

Han stÄr saman med dei som humoristisk kallar seg for «kjernekarane». Kommunen har alliert seg med det private selskapet Norsk Kjernekraft AS.

Selskapet vil bygge kjernekraftverk fleire stadar i Noreg. Dette er berre ei av dei aktuelle tomtene.

OrdfĂžrar Morten Sognnes, og direktĂžr i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer (til hĂžgre)

DirektÞren i Norsk Kjernekraft AS bukserer seg opp pÄ steinrÞysa. Han er tynnkledd i regn og iskald vind, men likevel sÄre fornÞgd:

– Det er ikkje vi som gĂ„r til kommunane, det er kommunane som tar kontakt med oss, seier Jonny Hesthammer.

I kommunestyre og lokalaviser over heile landet har smilande politikarar trykka varme hender, for Ä feire at dei er gÄtt i allianse med Norsk Kjernekraft AS.

Ni norske kommunar og eit kommunalt selskap har bestemt seg for Ä bli eigarar i lokale kjernekraftverk. Eit kjernekraftverk kan produsere enorme mengder straum pÄ liten plass.

– Forretningsmodellen vĂ„r er Ă„ bygge lokal kraft til lokal industri, seier Hesthammer.

I avtalane kommunane har gjort med Norsk Kjernekraft ligg det ogsÄ hÄp om store pengesummar.

Morgondagen kan bli avgjerande for vegen vidare. DĂ„ legg det offentlege Kjernekraftutvalet fram sin rapport.

Utvalet er oppnemnd av regjeringa, og skal gjere greie for fordelar og ulemper ved Ă„ bygge kjernekraftverk i Noreg.

Men allereie finst det altsÄ konkrete planar om kjernekraft i fleire norske kommunar:

Kraftverk som Norsk Kjernekraft AS Ăžnskjer Ă„ byggje. Dei har ĂČg Ăžnskje om Ă„ byggje pĂ„ Svalbard.

Kan gi kommunane milliardar

I nokre kommunar som Aure, Heim og Alver har avtalane med Norsk Kjernekraft AS vore opne om ein leitar i kommunen sine sakspapir.

Fem kommunar har halde anten heile eller deler av avtalane hemmelege. Dette er dei delane som handlar om store inntekter.

Fleire har brukt grunngjevinga «forretningssensitiv informasjon». Fyrst dÄ NRK kravde innsyn valde kommunane Ä gi slepp.

Her er eit dÞme frÄ VardÞ kommune:

Ein fast plass ved pengekrana

I Austrheim viser avtalen Ă„ kunne sikre kommunekassen ein milliardsum over generasjonar.

Kommunen og dei andre eigarane har nemleg sikra seg noko spesielt: Ein eigen type grunnleggarhonorar gjennom spesialaksjar.

Desse aksjane gir dei rett pÄ tre Þre for kvar einaste kilowattime kraftverket produserer, uansett kven som eig dei vanlege aksjane i framtida.

Tre Ăžre hĂžyrest kanskje lite ut, men tala blir fort store:

  • Kjernekraftverka i Austrheim har som mĂ„l Ă„ lage 10 milliardar kilowattimar straum Ă„ret.
  • Med «grunnleggarhonoraret» betyr dette 300 millionar kroner, rett i lomma pĂ„ grunnleggarane, kvart Ă„r.
  • Av desse vil 60 millionar kroner gĂ„ pĂ„ deling til kommunane Austrheim og Alver, kvart Ă„r, i kanskje 100 Ă„r framover. Det blir 6 milliardar kroner.
  • Dei resterande 240 millionar kronene kan Ă„rleg gĂ„ til dei private eigarane.

Dette seier ordfĂžrarane om hemmeleghaldet:

– Uheldig for tilliten til kommunen

Hemmeleghaldet ser svÊrt uheldig ut, meiner Fredrik Holth, ekspert pÄ forvaltningsrett.

Fredrik Holth er jurist i advokatfirmaet Holth og Winge.

– Eg tippar veldig mange innbyggarar ville hatt interesse av Ă„ lese aksjonĂŠravtalen, og prĂžve Ă„ forstĂ„ kva rolle kommunen skal ha i denne saka. Dei vil kanskje tenke at avgjerda allereie er teken.

Han legg til:

– Dette handlar om tilliten til at kommunar som i sĂ„ stor grad har eigeninteresse likevel gjer alle naudsynte undersĂžkingar for Ă„ avdekke eventuelle ulemper med tiltaket.

Synest det er lite gjennomsiktige prosessar

Det finst bekymring blant folk i omrÄdet. Jon Hugaas er blant dei, og har alt skrive innlegg i lokalavisa.

Han er skeptisk til om lokalpolitikarane eigentleg kan nok om risikoen knytt til kjernekraft, og fryktar at dei har latt seg farge for mykje av ei side.

Jon Hugaas bur i Austrheim si nabokommune Alver. Han er skeptisk til eit kjernekraftverk i omrÄdet han bur i.

– Eg synest prosessane er lite gjennomsiktige, seier Hugaas.

Han viser til rapportar frÄ forskarar som har Ätvara om bÄde handtering av kjernefysisk avfall og terrorfare.

– Lokalpolitikarane baserer seg i hovudsak pĂ„ kunnskap formidla frĂ„ den eine aktĂžren som har interesser i Ă„ fĂ„ bygd dette, seier Hugaas.

– Du mĂ„ tru pĂ„ folk

Tilbake pÄ ordfÞrarkontoret avviser ordfÞrar Morten Sognnes at kommunen har lÄst seg til ei side av saka.

Kommunen har hatt folkemÞte, der konsekvensane for kommunen var tema, ogsÄ dei negative.

DirektĂžr i Norsk Kjernekraft, Jonny Hesthammer mĂžter ordfĂžrar Morten Sognnes.

– Saka er at nĂ„r du snakkar med ein forskar sĂ„ har den kome til eit resultat, snakkar du med ein annan forskar kjem den med eit anna resultat. SĂ„ blir det motsetningar, seier Sognnes.

Sognnes stolar pÄ Norsk Kjernekraft AS.

– Du mĂ„ tru pĂ„ det nĂ„r folk med kompetanse hevdar Ă„ bevise at dette er trygt.

Norsk Kjernekraft AS seier dei kan kjernekraft, og at internasjonale rapportar gir dei eit solid kunnskapsgrunnlag:

– BĂ„de FN og EU har gjort grundige undersĂžkingar om bĂ„de sikkerheita og avfallsproblema, seier Jonny Hesthammer.

OrdfÞraren understrekar at det ikkje er endeleg bestemt at kjernekraftverket skal byggast. Det skal bÄde konsekvensutgreiast og sendast byggesÞknad.

– De mĂ„ ikkje gi uttrykk for at vi ikkje lever i eit demokrati, for det er det i hĂžgste grad, seier Sognnes.

Meiner dei stÄr fritt

I Austrheim har kommunen alt peika pÄ tomt, og hÄpar pÄ arbeidsplassar og store faste inntekter.

Norsk Kjernekraft seier at eit kjernekraftverk kan produsere straum i 80 Är, kanskje 100.

Kjende personar i Norsk Kjernekraft er Ola Borten Moe, Sunniva Rose Sunniva Rose og Trond Mohn.

Dette er Norsk Kjernekraft AS

  • Bergensselskap med mĂ„l om Ă„ bygge smĂ„ kjernekraftverk (SMR) i Noreg. SMR er ei nedskalering av store kjernekraftverk. Reaktorane skal serieproduserast. Planen er Ă„ bygge fleire slike reaktorar pĂ„ same stad, opp til fem stykk.
  • Selskapet seier at eit kraftverk med fire reaktorar kan produsere 10 TWH straum i Ă„ret. Noreg produserer Ă„rleg om lag 150 TWH med straum. Selskapet vil selje straumen pĂ„ faste avtalar til dĂžmes til industri og datasenter.
  • Kjende personar i selskapet er Sunniva Rose, Ola Borten Moe og Jonny Hesthammer. Hovudeigar er milliardĂŠr Trond Mohn. Mange i selskapet kjem frĂ„ oljebransjen.

Dei lovar ogsÄ at kraftverka skal byggast utan statleg stÞtte. Folk skal ikkje frykte at «grunnleggarhonoraret» er Ä gjere seg rikare pÄ folk sine skattepengar.

MÄlet er Ä inngÄ kraftavtalar med store kundar som datasenter og annan industri, og at prisen dei betalar skal vere kommersielt lÞnsam.

– Ein industri som krev subsidiar, er ikkje ein berekraftig industri over tid, seier Jonny Hesthammer i Norsk Kjernekraft AS.

Slik kan eit kjernekraftverk sjÄ ut.

OrdfÞraren held pÄ det positive med at selskapet er interessert:

– Vi er veldig glade for at dei bankar pĂ„ dĂžra, og vil etablere seg. Industribygging og arbeidsplassar er mĂ„let vĂ„rt.

Han snur seg mot sidemannen frÄ Norsk Kjernekraft AS:

– Og Jonny, du er jo eit leksikon, utruleg interessant Ă„ hĂžyre pĂ„, fagleg superbra.

Regjeringa har opna dÞra pÄ glÞtt

I februar i Är kom regjeringa med ei overraskande melding:

Aure og Heim kommunar har fÄtt godkjent konsekvensutgreiingsprogrammet for sitt kjernekraftverk, Trondheimsleia Kjernekraft. Dette er fyrste steg for Ä bygge kjernekraft i Noreg.

I utgangspunktet hadde energiminister Terje Aasland (Ap) varsla at regjeringa ville avvente rapporten frÄ Kjernekraftutvalet som kjem 8. april.

– Vi merkar at det skjer ei haldningsendring i Arbeidarpartiet, seier ordfþrar i Aure Hanne Berit Brekken (Ap).

Ho meiner det skjer ei utvikling i norsk politikk, i takt med at stadig fleire lokalpolitikarar er positive til kjernekraft.

– Det skulle berre mangle at lokalt engasjement pĂ„verkar politikken sentralt, seier Brekken.

đŸ·ïž Extracted Entities (30)

Austrheim Morten Sognnes H (person) Jonny Hesthammer (person) Norsk Kjernekraft AS (organization) Ordfþrar Morten Sognnes (person) Jon Hugaas (person) Noreg (entity) Alver (entity) Energi 📁 (category) Fra NRKs klimaredaksjon 📁 (category) Fredrik Holth (person) Kjernekraft 📁 (category) Klima og miljþ 📁 (category) Kommuneþkonomi 📁 (category) Norge 📁 (category) Aure Hanne Berit Brekken Ap (organization) Heim (place) Kjernekraftutvalet (entity) Ola Borten Moe (person) Sunniva Rose Sunniva Rose (person) TWH (entity) Trond Mohn (person) Trondheimsleia Kjernekraft (person) Arbeidarpartiet (entity) Brekken (entity) EU (entity) SMR (entity) Svalbard (entity) Terje Aasland Ap (person) Vardþ (entity) Winge (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Klima og miljĂž, Energi, Kjernekraft, KommuneĂžkonomi, Fra NRKs klimaredaksjon