Austrheim kommune seier dei vil halde fram med kjernekraftplanane trass negativ rapport
Vestland-kommunar seier dei vil halde fram med planane om eit kjernekraftanlegg trass rapport som slÄr fast at kjernekraft ikkje blir aktuelt i Noreg fÞr om 20 Är.
Saka oppsummert:
- Austrheim kommune vil halde fram med planane om kjernekraft, trass i ein rapport som konkluderer med at kjernekraft ikkje er realistisk i Noreg fĂžr 2040-talet.
- Rapporten peiker pÄ at kjernekraft er dyrt, tidkrevjande og ikkje lÞnsamt i dagens kraftsituasjon.
- OrdfÞraren i Austrheim meiner samfunnet ikkje har rÄd til Ä ikkje gÄ vidare med planlegginga no.
- Fleire kommunar har alt inngÄtt avtale med Norsk Kjernekraft AS og planlegg vidare i samarbeid med selskapet.
- Energiminister Terje Aasland har sendt rapporten pÄ hÞyring i seks mÄnader og understrekar at dette er eit arbeid med langsiktige perspektiv.
â Dette er jo ikkje ein beskjed om Ă„ stansa arbeidet. Me kĂžyrer pĂ„ vidare sĂ„ lenge me ikkje blir stansa, seier Austrheim-ordfĂžrar Morten Sognnes frĂ„ HĂžgre til NRK.
Kjernekraftutvalet la onsdag fram sin rapport, som viser at det ikkje er realistisk med kjernekraft i Noreg fÞr pÄ midten av 2040-talet.
Utvalet peiker mellom anna pÄ det tek lang tid Ä planleggja sikker drift, og at det ikkje er lÞnsamt med kjernekraft slik kraftsituasjonen er no.
Dette er argument som Sognnes seier han ikkje kjĂžper.
â At det er dyrt Ă„ byggja ut veit me jo, men me fĂ„r ogsĂ„ store verdiar tilbake. Det er straum me manglar, og behovet vil berre bli stĂžrre, seier han, og held fram:
â Me mĂ„ starta Ă„ mĂžta dette behovet no, elles skyt me oss sjĂžlv i foten.
Har alt tomt og planar
NRK fortalde tysdag at Austrheim er ein av fleire kommunar som har inngÄtt avtalar med selskapet Norsk Kjernekraft AS.
Der har kommunen alt peika pÄ tomt.
TOMTA: Ola Borten Moe og Jonny Hesthammer (begge frÄ Norsk Kjernekraft AS), Sara Hamre Sekkingstad, ordfÞrar i Alver, Morten Sognnes, ordfÞrar i Austrheim og Steffen SÊle, sjefingeniÞr i Norsk Kjernekraft AS pÄ synfaring pÄ ei tomt det kan bli kjernekraftverk.
Sognnes er klÄr pÄ at kommunen ikkje har tenkt Ä stansa samarbeidet, trass konklusjonane i rapporten. Han peiker pÄ at det er Stortinget som skal avgjere.
â Det er moglegheiter her ogsĂ„, sĂ„ me mĂ„ berre jobba vidare. SĂ„ fĂ„r me hĂ„pa at stortingspolitikarane bruker vit, og hĂžyrer med nabolanda vĂ„re Sverige og Finland om kva dei har gjort, seier han.
Alver kommune: â GĂ„r vidare med planane
Alver kommune er ein annan kommune som vil gÄ vidare med planane.
OrdfÞrar Sara Hamre Sekkingstad frÄ Senterpartiet seier rapporten ikkje endrar noko no.
Gà R VIDARE: Alver kommune og ordfÞrar Sara Hamre Sekkingstad seier dei Þnskjer Ä gÄ vidare med planane om kjernekraft i kommunen.
â Kommunestyret har gjort eit vedtak om Ă„ utforska kjernekraft uavhengig av regjeringa. Me gĂ„r vidare med planane, og sĂ„ vil tida visa om det er mogleg med kjernekraft i Noreg, seier ho.
Skal pÄ hÞyring
Energiminister Terje Aasland (Ap) seier regjeringa vil fÞlgja opp rapporten med ein gong. Onsdag vart han sendt ut pÄ hÞyring i seks mÄnadar.
â Eg trur det er viktig Ă„ ikkje forhasta seg i arbeidet. For dette arbeidet har perspektivet til mange generasjonar i seg, seier Aasland.