Herold

Uvanleg stille påske for politiet

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-04-07 09:46:23
Uvanleg stille påske for politiet

Politiet melder om ein uvanleg fredeleg påske i Vaksdal. Det har ikkje vore alvorlege hendingar på vegane eller andre store oppdrag for ordensmakta.

Trass i påskeutfart og mykje trafikk gjennom distriktet, har det vore få utfordringar for politiet i Vaksdal. E16 er ofte utsett for hendingar i høgtidene, men denne veka har vore eit unntak.

- Bank i bordet, så har det ikkje vore ei einaste ulukke på E16 å snakka om, seier Bjørn Inge Aarsand ved Voss politistasjon.

Kontroll på trafikken

Sjølv om det har vore stille, har politiet følgt med på køyremønsteret til trafikantane. Dei har fått inn enkelte meldingar.

- Men eg finn ingenting utanom dei vanlege meldingane om vinglebilar, så det har vore hyggeleg stille, seier Aarsand.

Eitt unnatak

Oppsummeringa frå politiet viser at påsken i år har levd opp til namnet sitt. Det har ikkje vore behov for inngripen i Vaksdal kommune, med eitt unnatak.

Heilt i starten av påsken, natt til palmelaurdag, måtte politiet henta ein mann som knuste bilruter og laga bråk i Dale sentrum.

🏷️ Extracted Entities (5)

Vaksdal (place) Bjørn Inge Aarsand (person) Dale (entity) E16 (entity) Voss (entity)