No må du gje deg god tid til å snuse inn og nyte alle vårteikna!
Plus
SKRÅBLIKK: Våren kjem i år også. Den kjem smygande – med lys og fargar, blomar og lauv – og med gode dufter. Dag for dag listar den seg inn i liva våre – og gjer dagane lysare og lettare.
For mange er våren berre eit teikn på at vinteren er over og at sommaren snart kjem. Dei går glipp av mykje. Våren er eigentleg den flottaste årstida vi har.
No må du nyte, og vere bevisst på alle vårteikna som kjem – nye for kvar dag. Først kjem Hestehov, så Løvetann. Og like etter kjem Kvitveisen. Då grønkast det i liene, og vi veit at det verkeleg er vår. Det går eigentleg altfor fort, så pass på å nyte kvar augneblink.
Hunden min, Pablo, kan dette med å stanse opp og nyte – han gjer det heile året. Snuten er ivrig på leit etter teikn andre hundar har lagt att. Etter kvart som han er blitt eldre, snusar han mykje meir enn før. Og han tek seg veldig god tid på kvar duft han skal undersøkje.
På nettet les eg at det er fordi eldre hundar tek seg tid til å finne ut meir om luktene. Dei unge hastar vidare på leit etter nye funn, utan å fordjupe seg. Pablo derimot finn ut kva hund som har vore der, kva kjønn den har og kva bodskap den har lagt att. Det vil ikkje overraske meg om han også finn ut kva rase det er.
Av og til brukar han så lang tid på å snuse, at eg trur han også finn ut noko om eigaren til den hunden som nettopp var der.
Når han legg att si melding, løftar han bakfoten stadig høgare. Dermed markerer han status ved at lukta hans hamnar høgt oppe på lyktestolpen. Då oppdagar dei små hannhundane kor små dei eigentleg er – når dei ikkje når ikkje opp, verken for å snuse eller markere.
De kan snuse inn våren og nyte vårteikna utan å leggje att noko melding til dei som kjem etterpå. Og om de bøyer dykk ned for å snuse på ein vårblom, så ikkje løft på foten etterpå. Det kan lett bli misforstått.
Når de plukkar Kvitveis, så ta ikkje alt. Lat litt stå att til nestemann. Og hugs at både Hestehov og Løvetann lukkar seg straks den kjem inn, så dei passar best der dei står.
Det er forresten noko flott med namnet på denne årstida: Vår. Den er ikkje min eller din – den er felles, den er vår. Og vi treng alt som finst av fellesskap nett no.
Pablo vil helst ha luktene for seg sjølv. Men sine eigne lukter deler han gjerne med andre.
janperstyve@gmail.com