Herold

Nei til storkommune – ja til lokaldemokrati

Kilde: OA Author: Ottar Uglum, Rødt Published: 2026-04-08 07:59:53
Nei til storkommune – ja til lokaldemokrati

Trenden i kommunesamanslåingar viser ein sterk sentralisering av skulestrukturen, helsevesenet, eldreomsorga og andre viktige kommunale tjenester som innbyggarane treng. Det er i tråd med politikken til høgresida og kapitalkreftene; store einingar, sentralisering og meir privatisering. Det er difor lett å fortså at dei går inn for det.

Eg tilhøyrer venstresida, medlem i Rødt, og meiner dette går ut over mindre lokalsamfunn og utkantar. Eg er ikkje så sikker på om sentrale strok har berre fordeler av det heller. Det er nok sider av dette som mange reagerer på.

Kommunesamanslåinga vil føre til ein reduksjon av antall politikarar i kommunestyrtet og dei vert plassert sentralt i kommunesenteret Gjøvik. Dette fremmar ikkje lokaldemokratiet. Det fører til at stemmene i lokalsamfunna får problem med å nå fram. Nærmiljøutvalg som ja-folka snakkar om er eg redd for vert «liksom»demokrati utan den store innvirkninga på kva kommunen vedtek når det gjeld viktige saker for utkantane.

Skal vi gå over til storkommune må ein bruke tid og krefter på omorganiseringa. Erfaringar er at det ofte fører til ein periode med litt kaotiske tilstander. Samanslåing av kommunar er det også svært vanskelig å gjere om att, om det skulle vere ønskeleg. Dette betyr ikkje at eg meiner at alt skal vere som det er. Vi bør bruke kreftene på å bygge vidare på det samarbeidet som alt er, finne smartare måtar å samarbeide på og eventuelt utvide det. Eit eksempel er at vi har seks interkommunale selskap. Det er sikkert andre måtar å samarbeide på og, det finn vi ut av i samarbeid mellom kommunane.

Interkommunale samarbeider

Den største utfordringa er at kommunane har for dårleg økonomi. Det er ikkje noko som tyder på at den vert betre ved samanslåing. Det som må til er at kommunane og ordførarane samarbeider for å presse på for betre kommuneøkonomi bla at det følgjer økonomi ved diverse reformer. Det vi treng er eit kommune/ordføraropprør! Norge er ikkje fattig, vi treng ein politikk for meir rettferdig fordeling av verdiane.

Som aktiv i Nei til EU (NTEU) i mange år har eg vore med på å kjempe mot medlemskap og fjernstyring frå EU. Det er langt til Stortinget men lengre til Brussel, sa vi i 1994. Erfaringane frå EU-kampen viser at det faktisk er mogleg å vinne slike kampar. Vi har vunne EU-kampen to ganger med å bruke folkeopplysing og organisering av motstanden. Men EU-tilhengarane greidde å få oss inn i EØS. No må vi kjempe mot fjernstyring frå EU-direktiv. Minst 70 prosent av det kommunane behandlar er berørt av EU direktiv. Mange av dei passar ikkje for norske forhold, men vert pressa på oss likevel. NTEU ser på kampen for kommunalt sjølvstyre og demokrati som ein del av den same politiske utviklinga, difor støttar vi kampen og deltek aktivt.

Til slutt:Delta i folkeavstemminga – alle stemmer er viktige, det er grunnleggande for demokrati. Vi må unngå at dårleg deltaking fører til at det vert enklare å gjennomføre kommunesamanslåing. Vi har fylkesavstemminga friskt i minne.

🏷️ Extracted Entities (7)

EU NTEU (organization) Brussel (entity) EØS (entity) Gjøvik (place) Nei (entity) Rødt (entity) Stortinget (entity)