Herold

70 lag påmelde: Her brakar det laus i ettermiddag

Plus
Kilde: Hordaland Author: Sverre Jervell Published: 2026-04-08 07:46:45
70 lag påmelde: Her brakar det laus i ettermiddag

70 lag stiller til start når løpet Gymnashaugen rundt går av stabelen for fyrste gong onsdag.

Klokka 14.45 går startskotet utanfor Voss gymnas, der 70 lag i tre ulike klassar tevlar om sigeren og gjæve premiar.

Bedriftsstafetten vert arrangert av gymnasrussen, og pengane frå den går rett til Kreftforeininga.

Løpet går over åtte etappar på mellom 200 og 600 meter, og nokre av desse går innom gymnasbygget.

Totalt deltek 40 lag i bedriftsklassen, 22 i elevklassen og åtte lag med tilsette.

Dei ulike laga er også med i trekninga av flotte premiar etter vel gjennomført stafett. Her kan ein vinna lunsjkonsert, treningstimar, teambuldingpakke og spadag på frisørsalongen.

– Heilt fantastisk

Russepresident Synva Solstad er strålande fornøgd med at så mange lag har meldt seg på.

– Det er heilt fantastisk, og eigentleg mykje meir enn me forventa. Det er spådd fint vêr, og eg trur det blir knallstemning her i dag, seier ho og peiker utover start- og målområdet.

Ho legg til russen nærmar seg 280.000 innsamla kroner som fylgje av arrangementet - noko som gjer at dei har slått målet sitt med god margin.

Kakesal under løpsfesten onsdag kan heva det talet ytterlegare.

– Eg er så fornøgd med innsatsen til russen, og ikkje minst det lokale engasjementet, seier ho.

Russepresidenten har noko kjekt på gang. – Bli med for ei god sak

🏷️ Extracted Entities (4)

Gymnashaugen (entity) Kreftforeininga (entity) Russepresident Synva Solstad (person) Voss (entity)