Det er berre lærarane som kan ta ansvar for heilskapen
Lova skal legge til rette for at barn, ungdom og vaksne får god opplæring i eit godt miljø. (Opplæringslova, § 1-1 Formålet med lova).
Elevane skal altså ikkje berre ha eit godt miljø. Dei skal ha god opplæring i dette miljøet. Det kan vere mange plassar der barn og unge møtast som har eit godt miljø, men det er altså tilleggsdimensjonen god opplæring,som gjer skulen til skule. Kven kan så gje denne opplæringa? I følgje kapittel 17 i Opplæringslova, er det berre personar med lærarkompetanse som kan gjere dette arbeidet. Kva slags kompetanse har så desse lærarane?
Læraren har fagkompetanse: Lærarar må kunne dei faga dei skal undervise i. Fagleg sterke lærarar er i stand til å formidle faget på ulike måtar, slik at undervisninga treff fleire elevar.
Lærarane har pedagogisk kompetanse:Lærarane kan mykje om korleis elevane lærar, og kan planlegge, gjennomføre, legge til rette og vurdere undervisninga, slik at flest mogeleg får eit godt utbytte.
Læraren har didaktisk kompetanse:Lærarar har god kunnskap om læreplanen, slik at dei kan tolke han og legge til rette for at undervisninga blir gjennomført i tråd med gjeldande reglar. Lærarar skal vite korleis dei legg til rette for at alle elevar lærar best mogeleg.
Læraren har relasjonell kompetanse:Lærarar må kjenne elevane sine. Dei må vite kva den enkelte elev kan, og korleis dei kan hjelpe eleven til å kome vidare. For å støtte elevane i læringsarbeidet, må lærarane forstå dei faglege utfordringane. I tillegg må dei kjenne til korleis elevane har det. Når elevar ikkje har det trygt og godt, påverkar det korleis dei lærar. Lærarar må derfor ha ei leiande rolle i arbeidet med klasse- og skulemiljøet.
Læraren har endrings- og utviklingskompetanse:Lærarar må vere opne for forandring når samfunnet er i endring. Gjennom endrings- og utviklingskompetansen lærarar har, arbeider dei kontinuerleg med å forbetre undervisninga.
Læraren har etisk kompetanse:Læraren er utruleg viktig for livet til barn og unge, og lærarar ser med stort alvor på oppdraget dei har fått. Ein lærar tar hundrevis av små og store val, kvar einaste dag. For å kunne stå trygt i desse vala, er det viktig å ha etisk kompetanse. Gjennom lærarutdanning og praksis har lærarar øvd seg på å reflektere over korleis desse vala påverkar elevane.
Lærarens ansvar er svært omfattande. Dei skal ikkje berre leie læringsprosessar og sikre fagleg utvikling for den einskilde elev. Læraren har også ansvar for den sosiale utviklinga til elevane og for omsorg og tryggleik.
Delar av det store læraroppdraget kan derfor ikkje utan vidare delegerast til andre. Andre yrkesgrupper i skulen er til god hjelp for lærarane, men det er berre lærarane som kan ta ansvar for heilskapen.
Å sikre at alle skular har ei minimum av lærarar til å ta det heile og fulle ansvaret er særs viktig, og derfor må lærarnorma bevarast på skulenivå.