Årsmøte i HKA og kyrkjehistorie i Moen
Plus
Hadeland kirkeakademi (HKA) har lagt bak seg eit godt arbeidsår og held årsmøte i Kirkestua ved Moen kirke måndag 13. april kl. 19.
I 2025 hadde me to gode bok- og forfattarkveldar på Gran bibliotek, ein nesten magisk Marc Chagall-kveld i Mariakirka i mai og eit godt besøkt utvandrarmøte i Grua kirke i september. Dessutan var kirkeakademiet mykje med på avviklinga av Olavsseminaret på Granavollen 30. august.
Dette og meir til vil årsmøtet oppsummera, og me skal sjå framover dette året og inn i det neste. Velkommen til årsmøte med vanlege saker frå kl. 19, der me presenterer forslag til program frametter, vel nye styrefolk og tek imot innspel.
Klokka 20 kjem Jan Olerud og fortel historia om Moenkirka i korte trekk, ho runda 100 år i 2014.
Og sjølvsagt vert det servert kringle til kaffien og teen.
Velkommen til ein fin kyrkjekulturkveld måndag 13. april!